Voss herad
Voss herad søker operativ leiar veg, anlegg og vedlikehald i Voss. Fast, heltid. Krav: fagskole eller bachelorgrad, 4+ års erfaring, førerkort BE. Søknadsfristen er 1. desember 2026.
Dette er tolket fra annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder.
Voss herad søkjer ein engasjert og fagleg trygg operativ leiar for veg, anlegg og vedlikehald. Me ser etter ein målretta og løysingsorientert person som ynskjer å bidra til eit trygt, berekraftig og framtidsretta kommunalt vegnett.
Driftsavdelinga er organisert under kommunalavdeling samfunnsutvikling og kultur og har ansvar fordrift og vedlikehald av kommunale vegar, vatn- og avløpsanlegg. Avdelinga har om lag 45 tilsette og har også ein eigen verkstad for kommunale køyretøy og maskiner.
Voss herad eig og driftar om lag 310 km kommunal veg og har ansvar for over 100 bruer.
Vegavdelinga står framfor ei spanande utvikling med fleire nye anleggsprosjekt i eigen regi,samstundes som ein har løpande drift og vedlikehaldsoppgåvene knytt til det kommunale vegnettet.
Som operativ leiar vil du ha ei sentral rolle i planlegging, koordinering og oppfølging av den daglege drifta av det kommunale vegnettet i Voss herad. Stillinga inneber tett samhandling med andre kommunale fagområder som VA og Bygg og eigedom. Du vil arbeide tett saman med administrativ leiing på Voss tinghus, og ha ansvar for oppfølging av driftsoperatørane i avdelinga, samt eksterne gjennom brøytekontrakter og rammeavtalar med maskinentreprenørar.
Vegavdelinga har ansvar for drift, vedlikehald og mindre utbyggingsprosjekt på det kommunale vegnettet. Vegavdelinga har i dag 11 driftsoperatørar med brei kompetanse innan veg og anleggsfaget. Avdelinga disponerer mellom anna gravemaskiner, lastebilar, hjullastar, traktor, veghøvel og utfører både drift og anleggsoppgåver i eigen regi.
Me søkjer ein person som
Personlege eigenskapar vil verta tillagd stor vekt
Dokumentasjon på utdanning og referanse må kunne leggjast fram ved eventuelt intervju.
For stillinga gjeld dei reglar som går fram av lover, reglement og gjeldande tariffavtalar.
Organisasjonen er i utvikling, og den som vert tilsett må vere fleksibel med omsyn til endringar i arbeidsoppgåver og organisatorisk plassering.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Link til søknadsskjema:
Søk herSøknadsfristen er 1. desember 2026.
Jobben er i Voss.
De ber om fagskole eller bachelorgrad. Dette er tolket fra annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder.
De vil at du har mye erfaring, 4 år eller mer. Dette er tolket fra annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Voss herad.
Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.
Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
Frist · 27 dager til frist
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Sondre Gjøstein
Driftsleiar
sondre.gjostein@voss.herad.no+47 954 90 337Lagre søket, så sier vi fra på e-post når det kommer nye stillinger.
Sett opp jobbvarselDette er tolket fra annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder.