Me trur at nysgjerrige, trygge og leikne barn skapar framtida, og me treng deg som vil væra med barna på denne reisa.
Me ser etter deg som:
💛 Likar å arbeide tett med mennesker, er omsorgsfull og ansvarsfull i samarbeid med barn og kollegaer
🎈Likar å engasjere deg i leik - har ekte begeistring for samvær med barn.
🌦️Er ein aktiv og trygg vaksen som likar å væra ute i all slags vær
🔃Er fleksibel og ser løysingar
🗣️Har gode ferdigheter i norsk
Legge tilrette for at barna får utvikle seg og lære gjennom leik, aktivitet og samspel
Være nysgjerrig, kreativ og engasjert saman med barna i kvardagen
Delta aktivt i barnehagen sine faste rutinar og aktivitetar
Bidra til eit varmt og inkluderande miljø der barna opplever tryggleik, meistring og glede
🌱God retleiing og støtte frå kollegaer som vil deg vel og at du skal lukkast
💛Ein meiningsfull jobb der du kvar dag bidreg til å forme små menneske for framtida
👕FUS-klede
🚀Ein barnehage med høg trivsel og rom for å prøve ut nye idear
Høyres dette ut som noko for deg? Me ser fram til å høyre frå deg! 💫
Her er din sjanse til å gi barn ein trygg, inkluderande og inspirerande kvardag i Ølensjøen! Me treng gode vikarar på laget vårt. Akkurat nå har me ledig 40-100% stilling frå 15.10. fram til jul. Denne kan bli vidareført fram til juli 2027.
Du vil bli ein del av eit stort fellesskap kor me legg vekt på å lage gode dagar for barn og tilsette. Me har eit arbeidsmiljø prega av delingskultur, involvering og ekte arbeidsglede.
Det språklege og kulturelle mangfaldet i barnegruppene gir barna eit unikt høve til å utvikle evne til å væra respektfulle, vise omsorg og forstå ulike perspektiv. Er du og glad i å væra ute og på tur? Då vil du passe hos oss! Me har FUS-bussen som tek oss med på små og store eventyr - både nært og fjernt.
Og som ekstra bonus: På kjøkkenet har me vår eigen kokk, som stadig freistar smak- og luktesansen vår med velsmakande retter.