Ein del av arbeidet kan utførast på ettermiddag og kveldstid, og vi oppmodar difor ungdom som har fylt 16 år til å søkje. Det kan òg opne seg moglegheiter for meir arbeid i feriane.
Vi ønskjer å kunne tilby meir arbeid til dei som ynskjer det, og det kan diskuterast om andre stillingar i kommunen kan kombinerast.
Solund kommune nyttar elektronisk søknadssystem, men du kan også ta direkte kontakt med Stine på tlf 97 10 64 39.
Link til søknadsskjema:
Søk herSolund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen.
Sjøen er ein del av både sjela og landskapet i Solund. Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utanfor døra, enten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. I nybygde Solund Idrettspark finn du kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, klatrepark, discgolfbane og nytt treningsstudio. Vi har òg idrettshall med symjebasseng, eit aktivt skyttarlag, idrettslag, karateklubb, turlag, skulemusikk, kulturskule og mykje meir. Merka turstiar finn du rundt om i heile kommunen.
I Solund investerer vi for framtida. I løpet av dei neste åra skal vi bygge ny ungdomsskule, binde saman kommunen ved å realisere Ytre Steinsund bru og fortsette utbygginga av breiband.
Klikk på lenkja for å sjå ei film om det flotte øyriket vårt: http://www.youtube.com/watch?v=E3RbqQhfrQQ