Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Årdal omsorgssenter har ledig eit 100 % vikariat som sjukepleiar frå 01.01.2027 til 31.12.2027.
Stillinga inneber tredelt turnus med helgearbeid.
Årdal omsorgssenter er eit av to omsorgssentre i Hjelmeland kommune. Omsorgssentret har to avdelingar, ei somatisk avdeling med 13 langtidsplassar og ei demens avdeling med 8 langtidsplassar.
Sjukepleiar som er nyutdanna eller har mindre en 10 år ansiennitet får ei garantiløn tilsvarande 10 års ansiennitet.
Arbeidsoppgåver
- delta i stell, pleie og daglege gjeremål
- observasjonar og dokumentasjonsarbeid
- bruke VAR sjukepleieprosedyrar og veilederen aktivt
- tverrfagleg samarbeid /samhandling med andre faggrupper
- handtera medisinsk teknisk utstyr og prøvetakninger
- ta vare på brukarane sine individuelle behov
Kvalifikasjonar
- søkjer må ha norsk autorisasjon
- språkkrav minimum B2 nivå
- førarkort klasse B er ein fordel, men ikkje eit krav
Me søkjer etter ein person som
- bidrar aktivt til eit godt miljø
- kan arbeide både sjølvstendig og i samarbeid med andre i eit tverrfaglig team
- har fokus på dokumentasjon og god kjennskap til data/fagsystem som dokumentasjonsverktøy
- er positiv og motivert
- er fleksibel og løysningsorientert
- er nøyaktig og ikkje redd for å ta i eit tak
Me tilbyr
- godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgaver
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- ulike
rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsetteI Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel.
Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk
sikker opplasting på kommunens heimeside.Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.
Link til søknadsskjema:
Søk herTenk deg ein kommune der du har fjord og båtliv utanfor døra og høgfjell og turområde berre nokre minutt unna, men samtidig når du storbyen på under timen. Tenk deg ein kommune som er ganske liten med 2600 innbyggarar, men samtidig romsleg og stor med 1092 kvadratkilometer. Tenk deg ein kommune som er så glad i barnefamiliar at me like godt tilbyr dei gratis barnehageplassar. Den kommunen er Hjelmeland naturlegvis.
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6c10f954-3e96-459c-a209-76e82af80b34