Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Avdelingsleiar
Vi har no ledig eit vikariat som sjukepleiar i 100 % tredelt turnus ved Kirurgisk post.
Hos oss får du ein variert og spennande arbeidskvardag med pasientar innan fleire fagområde, mellom anna kar- og thoraxkirurgi, brystkirurgi, thyroideakirurgi, føflekkreft, brannskadar og generell kirurgi. Vi har òg ansvar for gynekologiske pasientar i helgar, høgtider og ferieperiodar.
Sengeposten har 8 senger, eit godt tverrfagleg samarbeid og tett tilknyting til poliklinikkane.
Dette er stillinga for deg som ønskjer fagleg breidde, varierte arbeidsoppgåver og moglegheita til å følgje pasientane gjennom ulike delar av behandlingsforløpet.
👉 Høyrest dette spennande ut? Då er du hjarteleg velkomen til å søkje stilling hos oss! 💙
Hos oss er det viktig at du:
Personlege eigenskapar blir vektlagd.
Jo, fordi vi har:
🔹 Variert arbeidskvardag – ingen dagar er like, og du får brei erfaring.
🔹 Trygt arbeidsmiljø – vi støttar kvarandre og jobbar godt i lag.
🔹 God opplæring – ein trygg start, anten du er nyutdanna eller erfaren.
🔹 Fagleg utvikling – læring og kompetanseheving er ein del av jobben.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Anne Ringe, Avdelingsleiar
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5204065444
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.01.2027
Søknadsfrist: 17.11.2026
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.