Øystre Slidre kommune
Øystre Slidre kommune søker vernepleiar i Tilrettelagte tenester- 100% vikariat i Heggenes. Vikariat, heltid. Krav: bachelorgrad, 1-3 års erfaring, førerkort B. Turnus. Søknadsfristen er 29. november 2026.
Skrevet av Øystre Slidre kommune
Tilrettelagte tenester har ledig 100% vikariat som vernepleiar, med moglegheit for fast tilsetting
Vi gjev tenester til barn, ungdom og vaksne med ulike bistandsbehov, og tenesta er aukande. Tenesta er inne i ein god prosess med endring og fagleg utvikling, og vi søkjer derfor deg som er engasjert og har eit fagleg fokus. Vi er med i innovasjonsprosjektet TØRN, og er med i eit nytt læringsnettverk spesielt retta inn mot denne type teneste. Vi går difor ei spennande tid i møte, med mål om å utvikle tenesta til det beste for tenestemottakarar og tilsette.
Du vil få god anledning til å utvikle både deg sjølv og arbeidsplassen, og du vil bli ein del av eit dyktig vernepleiar-team og eit godt fagmiljø. Vi har eit godt arbeidsmiljø med mange flinke og dedikerte tilsette, der ein får anledning til å utfylle og utfordre kvarandre. Fagadministrativ tid er implementert i turnus.
Med andre ord er dette ei god muligheit til å vere med på ein spennande prosess!
Tilrettelagte Tenester har to avdelingar, Brennebakkin og Tingvangtoppen (barneavlastning). Vi har også oppdrag utanom avdelingane i varierande mengde.
Vi søkjer primært deg som har utdanning og autorisasjon som vernepleiar. Søkjarar med annan relevant 3-årig utdanning og relevant erfaring kan bli vurdert.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Vi legg vekt på personleg eignaheit
Per Bo Svensson, Tenesteleiar helse og tilrettelagte tenester, +47 92666185
Bygdinvegen 1989
2940 HEGGENES
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune
Referansenr.: 5204406152
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 29.11.2026
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 26 jobber for vernepleiere i Innlandet de siste 90 dagene.
685 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 625 000 og 735 000 kr.
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 11 andre ledige jobber for vernepleiere i Innlandet nå, hos 9 arbeidsgivere. 1 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som vernepleiar i tilrettelagte tenester- 100% vikariat i Innlandet
Vil du vite når det kommer nye stillinger som vernepleiar i tilrettelagte tenester- 100% vikariat i Øystre Slidre?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har 3 andre ledige stillinger hos oss nå, og de har lyst ut 13 stillinger siden juli 2026.
www.oystre-slidre.kommune.noOrg.nr 996388239
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 244317bb-0416-4e86-835b-d25948d69260. Se den hos Nav
Frist
8 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Øystre Slidre kommune.
Per Bo Svensson
Tenesteleiar helse og tilrettelagte tenester
+47 926 66 185