BUP døgnpost Haugesund
BUP døgnpost Haugesund søker psykologspesialist i Haugesund. Fast, heltid. Krav: mastergrad, 1-3 års erfaring. Dagtid. Søknadsfristen er 30. november 2026.
Skrevet av BUP døgnpost Haugesund
BUP Haugesund har ein 100 % ledig stilling som psykologspesialist ved døgnposten. Stillinga er på dagtid, 37,5 t/veke og mogelegheit for fleksitid.
Denne stillinga er for deg som ønskjer å arbeide tett på barn, unge og familiar når dei treng det som mest 🌼 Her på BUP døgnpost møter du menneske i krevjande livssituasjonar. Vårt oppdrag er å gi spesialisert behandling med høg kvalitet, i tett samarbeid med føresette og andre instansar.
Vi søkjer deg som vil vere med på laget vårt ved BUP døgnpost, som er delt inn i to fløyer med totalt 10 senger: Post Nord for barn frå 6 til 13 år og Post Sør for ungdom frå 12 til 18 år. Døgnposten har akuttfunksjonar og betener heile Helse Fonna-regionen. Les meir om oss her: https://www.helse-fonna.no/avdelinger/bup-helse-fonna/om-bup/
Eininga er i gang med å implementere Blakstadmodellen for grunnleggjande miljøbehandling, og arbeider systematisk for å byggje ein felles fagleg praksis. Vi legg stor vekt på recovery-orientert tilnærming.
Hos oss jobbar allereie mange dyktige, rause og hyggjelege kollegaer. Vi veit at god behandling krev meir enn rett metode - det krev også varme, tålmod og evne til å sjå kvar enkelt. Hos oss blir du del av eit engasjert tverrfagleg team som støttar kvarandre, deler kunnskap og samarbeider tett.
Som psykolog vil du inngå i eit team saman med behandlarane på post, som omfattar psykologar, overlegar og LIS 3-legar. Psykologane og psykologspesialistane frå døgnposten inngår også i faggruppa psykologar ved heile BUP Haugesund med tilhøyrande møter, samlingar, fagutvikling og meir. Posten vil gjerne leggje til rette for fagutvikling.
👉 Vil du vite meir? Då vil vi gjerne høyre frå deg. Ta gjerne kontakt på telefon eller e-post!
*Søkjarar utan spesialisering kan òg vurderast, men vil då berre vere aktuelle for vikariat
Vi ser etter deg som:
Vi legg vekt på personlege eigenskapar og korleis du kan utfylle det eksisterande teamet vårt.
Personleg framtoning, CV og referansar vil bli vurdert som ein del av heilskapsinntrykket i rekrutteringsprosessen.
Hos oss får du:
Vi gir tenester på spesialistnivå til barn og unge (0-18 år). Opptaksområdet for poliklinikken dekker 10 kommunar (Karmøy, Haugesund, Utsira, Sveio, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal).
Hos oss finn du poliklinikk, ungdomspsykiatrisk post og barnepsykiatrisk post. Døgnpost har akuttfunksjonar og dekkjer heile opptaksområdet til Helse Fonna. Poliklinikken er inndelt i 2 geografiske allmennpsykiatriske team.
BUP Haugesund er godkjent som utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri.
Marit Elise Lier, Funksjonsleiar, 52732850
Georg Walter Reinhardt, Avdelingsleiar, 52732850
Gabrielle Leah Dickson, Konsulent, 52732850, gabrielle.leah.dickson@helse-fonna.no
Lene Elisabeth Nordtveit, Sekretær, 52732850, lene.elisabeth.nordtveit@helse-fonna.no
Vinjes gate 10
5522 HAUGESUND
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5204082360
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2026
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 23 jobber for psykologer i Rogaland de siste 90 dagene.
790 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 705 000 og 975 000 kr.
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 6 andre ledige jobber for psykologer i Rogaland nå, hos 6 arbeidsgivere. 2 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som psykologspesialist i Rogaland
Vil du vite når det kommer nye stillinger som psykologspesialist i Haugesund?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 21e23a74-c9cb-4a72-80ec-0d432d0b60ac. Se den hos Nav
Frist
9 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos BUP døgnpost Haugesund.
Lene Elisabeth Nordtveit
Sekretær
lene.elisabeth.nordtveit@helse-fonna.no+47 527 32 850