Tannhelsekompetansesenteret, Vestland,
Tannhelsekompetansesenteret, Vestland, søker klinikkleiar i Bergen. Fast, heltid. Krav: bachelorgrad, 1-3 års erfaring. Søknadsfristen er 22. november 2026.
Skrevet av Tannhelsekompetansesenteret, Vestland,
Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.
Tannhelsetenesta i Vestland er ein stor og kompleks verksemd med brei fagkompetanse, spesialistfunksjonar, gode forskingsmiljø og med eit sterkt førebyggjande fokus. Samla bidreg dette til gode folkehelse i fylket vårt. Avdelinga har omlag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og kompetansesenteret TkVestland.
God leiing av klinikkane våre er avgjerande for å sikre drift, effektiv ressursbruk og trygge arbeidsmiljø.
Har du lyst til å leie eit av dei mest spennande og fagleg sterke miljøa innan offentleg tannhelseteneste i Noreg?
Tannhelsekompetansesenteret i Vestland ( TkVestland) søkjer no to engasjerte og tydelege klinikkleiar til vår spesialistklinikk i Bergen, som vil vere med å styrkje oppdraget vårt gjennom god og framtidsretta leiing.
Som eitt av fem regionale odontologiske kompetansesenter i landet har TkVestland eit breitt samfunnsoppdrag: vi skal sikre spesialisttannhelsetenester til befolkninga, drive fagutvikling og kvalitetsarbeid, byggje kunnskap gjennom klinisk praksisnær forsking, og vere ein fagleg ressurs for heile den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Spesialistklinikken er hjarta i denne verksemda, med eit sterkt tverrfagleg fagmiljø og tett samarbeid med forskingsavdelinga vår.
Klinikken har om lag 45 tilsette og som ein av to klinikkleiar får du ansvar for omlag 25 tilsette og ei sentral rolle i å utvikle tenesta vidare, samstundes som du tek vare på og styrkjer eit arbeidsmiljø prega av fagleg stoltheit, samarbeid og utviklingsvilje. Du bidrar til å utvikle gode, trygge og moderne tenester for dei som treng oss aller mest. Du deltek aktivt i strategi- og utviklingsprosessar for TkVestland gjennom områdeleiar si leiargruppe, og bidreg til at vi når måla våre innan fagutvikling, forsking og pasienttilbod.
Arbeidsoppgåver
rekruttering.
Du må ha:
Det er ønskjeleg at du har:
Leiarskapet ditt kan forankrast i verdiane til Vestland fylkeskommune som er kompetent, open og modig.
Les gjerne meir om oss her:
https://www.vestlandfylke.no/tannhelse/tkvestland/om-tkvestland/
Tonje Hauge Lundin, områdeleiar tannhelse, 99568232, tonje.lundin@vlfk.no
Årstadvegen 19
5009 Bergen
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5181108274
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 24 jobber for ledere av helsetjenester i Vestland de siste 90 dagene.
855 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 785 000 og 1 015 000 kr.
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 6 andre ledige jobber for ledere av helsetjenester i Bergen nå, hos 6 arbeidsgivere. 3 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som klinikkleiar i Bergen
Vil du vite når det kommer nye stillinger som klinikkleiar i Bergen?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 207eee9b-19ef-43e7-9f6e-f09306a5c3e7. Se den hos Nav
Frist
i morgenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Tannhelsekompetansesenteret, Vestland,.
Tonje Hauge Lundin
områdeleiar tannhelse
tonje.lundin@vlfk.no+47 995 68 232