Vi ser etter ein erfaren, trygg og solid skipsførar til sambandet Stårheim-Isane.
Familievenleg turnus med døgnskift. Du går 2 veker på, 1 veke av. Deretter 2 veker på, 3 veker av.
Stabil og trygg drift på sambandet er avgjerande for lokalsamfunnet, og du blir ein viktig bidragsytar i det arbeidet. Du får ei nøkkelrolle som leiar i eit engasjert team, der du får arbeide løysningsorientert og operativt.
Fjord1 er eit innovativt og framtidsretta selskap med gode karrieremoglegheiter. Vi tilbyr gode pensjonsordningar og velferdsgoder.
Grunna døgnskift bør søkar bu lokalt, helst innan 1 time.
Vi søker ein erfaren og ansvarsbevisst skipsfører med gode leiareigenskapar og fokus på tryggleik og kvalitet. Du må vere løysingsorientert, sjølvstendig og ha evne til å inspirere og motivere mannskapet. Om desse eigenskapane beskriv deg, så tar vi gledeleg imot din søknad.
Jonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, +47 90210232, jonas.hovland@fjord1.no
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 5156070331
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 20.10.2026
Søknadsfrist: 11.08.2026
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.