Hjelmeland kommune Årdal barnehage
Hjelmeland kommune Årdal barnehage søker barne- og ungdomsarbeidar 100 % vikariat i Årdal I Ryfylke. Vikariat, heltid. Krav: fagbrev. Søknadsfristen er 24. november 2026.
Skrevet av Hjelmeland kommune Årdal barnehage
Vil du bli med på laget i hjelmelandsbarnehagen? Me har ledig eit 100 % vikariat som barne- og ungdomsarbeidar i perioden 1. januar 2027 til 31. juli 2027, med moglegheit for forlenging, i Årdal barnehage.
Årdal barnehage har 3 avdelingar, og stillinga er knytt til stor avdeling med barn frå 3- 6 år.
I Hjelmeland kommune er det tre kommunale barnehagar fordelt på bygdene Hjelmeland, Årdal og Fister. Alle tilsette i barnehagane våre har fokus på vår felles visjon «Det beste for barnet». Gjennom våre felles verdiar «Respekt, Omsorg og Tryggleik» er det eit viktig mål å gje barn gode og trygge opplevingar, ut i frå deira eigne føresetnadar og eiga utvikling. Me arbeidar heile tida for å vera i fagleg utvikling.
Me søkjer deg som gjennom ditt engasjement og fagleg grunnlag er med på å skape ein meiningsfull, spennande og utviklande kvardag for barna.
Ansvar og arbeidsoppgåver
- delta aktivt i det daglege arbeidet med barna
- vera ein god og tydeleg rollemodell
- leggja til rette for leik, læring og utvikling
- leggja til rette for og bidra til eit godt psykososialt miljø i barnehagen
- ha medansvar for planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon
Kvalifikasjonar og vilkår
- fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- erfaring frå arbeid i barnehage er ynskjeleg
- gode norskspråklege kunnskapar både skriftleg og munnleg, jamfør barnehagelova §28
Me søkjer etter ein person som
- er varm og tydeleg, med evne til å skapa gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer
- har eit medmenneskeleg og pedagogisk engasjement, der barna er i fokus
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- bidreg til å skapa eit inkluderande miljø for omsorg, leik, læring og danning
- er utviklingsorientert og villig til å ta initiativ
- er løysingsorientert og fleksibel
- er fagleg engasjert, og interessert i å tileigna seg ny kunnskap
Me tilbyr
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- barnehagar som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid
- gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- kompetanseutvikling for alle tilsette
- ulike
rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsetteI Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel.
Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage, brann og redning.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk
sikker opplasting på kommunens heimeside.Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00.
Link til søknadsskjema:
Søk herAIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 143 jobber for barnehage- og skolefritidsassistenter mv. i Rogaland de siste 90 dagene.
500 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 455 000 og 540 000 kr.
Annonsen sier: lønn etter tariff.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 62 andre ledige jobber for barnehage- og skolefritidsassistenter mv. i Rogaland nå, hos 50 arbeidsgivere. 14 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som barne- og ungdomsarbeidar 100 % vikariat i Rogaland
Vil du vite når det kommer nye stillinger som barne- og ungdomsarbeidar 100 % vikariat i Hjelmeland?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.Tenk deg ein kommune der du har fjord og båtliv utanfor døra og høgfjell og turområde berre nokre minutt unna, men samtidig når du storbyen på under timen. Tenk deg ein kommune som er ganske liten med 2600 innbyggarar, men samtidig romsleg og stor med 1092 kvadratkilometer. Tenk deg ein kommune som er så glad i barnefamiliar at me like godt tilbyr dei gratis barnehageplassar. Den kommunen er Hjelmeland naturlegvis.
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6c10f954-3e96-459c-a209-76e82af80b34
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 0d73aa0b-a4ac-4c2c-9b09-e5bf462de52b. Se den hos Nav
Frist
3 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Hjelmeland kommune Årdal barnehage.
Liva Høines
Styrar
postmottak@hjelmeland.kommune.no+47 404 39 210