Ål kommune Ål legetenester
Ål kommune Ål legetenester søker sjukepleiar / paramedisinar - legetenesta og legevaktsentral i Ål. Fast, heltid. Krav: bachelorgrad, 1-3 års erfaring, førerkort B. Turnus. Søknadsfristen er 13. desember 2026.
Skrevet av Ål kommune Ål legetenester
Vil du jobbe i ei teneste som gir deg varierte oppgåver innan legevaktmedisin, i eit fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement?
Då kan du vere den me ser etter!
Me er eit spennande medisinsk knutepunkt, samlokalisert med sjukeheimen, heimetenesta, Hallingdal sjukestugu, ambulansetenesta, og base for Norsk luftambulanse. Den lange avstanden til sjukehus gjer at me handterer alt frå infeksjonar til alvorlege akutte situasjonar.
Legetenesta i Ål kommune søkjer no etter fleire engasjerte og dyktige sjukepleiarar til avdelinga vår. Ved avdeling legetenester er det ledig:
Stillingane er fordelt mellom Ål Legekontor og Hallingdal Legevaktsentral og inngår 3- delt turnus. Det er mogeleg å kome med ynskje om grad av fordeling mellom desse funksjonane. Vi utformar arbeidsplanar etter prinsippet om forhandling blant tilsette. Dette gir moglegheit for individuell tilpassing og komprimerte arbeidsperiodar.
Vi er i ein prosess med å sjå på på organisering av sjukepleiarteam på tvers av avdelingane for styrke sjukepleiarfaget i kommunen. Dette kan gje mange nye utviklande arbeidsoppgåver.
Lønn etter gjeldande tariffavtale og gode pensjonsordningar. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala. Gunstige lokale tillegg for kompetanse og ansiennitet.
Ål kommune legg til rette for relevant vidareutdanning og vidareutdanning for personleg vekst med gode stødnadsordningar: Det er godt organisert internopplæring og kurs. Gjennom Halllinghelse blir det lagt til rette for mellom anna mobil ferdigheitstrening og regionale fagkurs.
Ål er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv!
Her er bu- og levekostnadene rimelegare enn i dei store byane, noko som gjer at du kan bruke pengane på å realisere draumane dine; anten det er å vere meir ute, reise eller skape noko sjølv. I Ål ynskjer vi å legge til rette for at nytilflytta kjenner seg sett, møtt og inkludert. Flytt til Ål! .
Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål knytta til stillinga.
Velkomen som søkjar.
Link til søknadsskjema:
Søk herAIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 74 jobber for sykepleiere i Buskerud de siste 90 dagene.
680 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 615 000 og 740 000 kr.
Annonsen sier: lønn etter tariff.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 39 andre ledige jobber for sykepleiere i Buskerud nå, hos 34 arbeidsgivere. 10 av dem kom den siste uken.
Vil du vite når det kommer nye stillinger som sjukepleiar / paramedisinar - legetenesta og legevaktsentral i Ål?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.Me kan tilby eit solid fagmiljø ved Ål Legekontor, som er samlokalisert med Hallingdal sjukestugu, prehospitale tenester med luftambulanse og Ål helsesenter. Det er nye lokalar som er godt tilrettelagt for legepraksis, med eige laboratorie-/undersøkingsrom. Kontoret er velutstyrt med bla digitalt røntgen, ultralyd og legevaktsbil med akuttmedisinsk utstyr. Det er eigne lokalar for legevakt, og det er turnus mellom fastlegane om vakt på daglegevakt.
Det er i dag legevaktsamarbeid med nabokommunane Hemsedal og Hol, samt felles nattlegevakt for Hallingdal med base på Ål, og med Ål som driftsansvarleg kommune.
Helse- og omsorgsektoren i Ål har stort fokus på fag, kvalitet og utvikling. Vi har fleire spanande utviklingsprosjekt i gang både lokalt og regionalt, og eit arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 099ffbc8-bc12-45a4-bcde-77ca81f5ddd6. Se den hos Nav
Frist
22 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Ål kommune Ål legetenester.
Gry Katrine Kirkeluten
gry.katrine.kirkeluten@aal.kommune.no+47 480 22 060