Heimetenesta avdeling Rauland, Vinje kommune
Heimetenesta avdeling Rauland, Vinje kommune søker heimehjelp/pleieassistent - 85 % fast i Rauland. Fast, deltid. Krav: 1-3 års erfaring, førerkort B. Turnus. Søknadsfristen er 22. november 2026.
Skrevet av Heimetenesta avdeling Rauland, Vinje kommune
Me søkjer ein omsorgsfull og påliteleg medarbeidar til heimetenesta på Rauland. Som heimehjelp er du med på å skape tryggleik, trivsel og meistring i kvardagen for eldre innbyggjarar i kommunen.
Me har ledig tilling som heimehjelp i 70% ute i heimane og pleieassistent kvar tredje helg inne på omsorgssenteret. Her vil du få ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du møter menneske i ulike livssituasjonar. Hos oss er ingen dagar heilt like, og du får vere med på å gjere ein forskjell for brukarane kvar dag.
Heimetenesta på Rauland yter helse- og omsorgstenester til innbyggjarar som bur i eigne heimar og omsorgsbustader, samt til bebuarar ved omsorgssenteret med inntil 15 plassar.
Me arbeider tett saman i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø, der kvalitet, tryggleik og respekt for den enkelte står i sentrum. Du får ansvar og tillit, men står aldri åleine. Er du nyutdanna, får du god opplæring, tett oppfølging og rom til å vekse inn i rolla. Er du erfaren, får du moglegheit til å bruke kompetansen din aktivt, påverke utviklinga av tenesta og bidra til fagleg utvikling i organisasjonen.
Stillinga inngår i årsturnus.
Drøymer du om ein arbeidskvardag med kort veg til ski, toppturar, sykling, padling og store naturopplevingar? På Rauland får du både faglege utfordringar og høg livskvalitet utanfor arbeidstid.
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet, les meir på lanekassen.no.
Bjørg Kåsa Verpe, Avdelingsleiar heimetenesta Rauland, +47 90103553
Setali 6
3864 Rauland
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5204218751
Stillingsprosent: 85%
Fast
Startdato: 01.12.2026
Søknadsfrist: 22.11.2026
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 27 jobber for andre pleiemedarbeidere i Telemark de siste 90 dagene.
540 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 485 000 og 585 000 kr.
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 15 andre ledige jobber for andre pleiemedarbeidere i Telemark nå, hos 15 arbeidsgivere. 5 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som heimehjelp/pleieassistent - 85 % fast i Telemark
Vil du vite når det kommer nye stillinger som heimehjelp/pleieassistent - 85 % fast i Vinje?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har én annen ledig stilling hos oss nå, og de har lyst ut 3 stillinger siden juli 2026.
Org.nr 988071102
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 049803d5-8938-4285-85ed-512ce184a3cd. Se den hos Nav
Frist
i morgenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Heimetenesta avdeling Rauland, Vinje kommune.
Bjørg Kåsa Verpe
Avdelingsleiar heimetenesta Rauland
+47 901 03 553