Som kommunalsjef oppvekst får du ei nøkkelrolle i utviklinga av Fjaler kommune og blir ein del av leiargruppa til kommunedirektøren. Du får det overordna strategiske, faglege og økonomiske ansvaret for ein sektor med for tida tre skular, tre kommunale barnehagar, kulturskule (der Hyllestad kommune har vertskommuneansvaret) og eit interkommunalt PPT-samarbeid (pedagogisk-psykologisk-teneste). Du får også stor påverknad på kvardagen og framtida til barn og unge.
Saman med dyktige rektorar, styrarar, tilsette, tillitsvalde og folkevalde skal du vidareutvikle eit framtidsretta oppvekstmiljø med vekt på tidleg innsats, kvalitet og godt samarbeid på tvers av tenestene.
Vi søkjer ein trygg, robust og tydeleg leiar som ønskjer å vere med å forme oppveksten til barn og unge. Du har ei sterk fagleg forankring, evne til å skape retning og trivst med å leie og utvikle leiarar og medarbeidarar. Samstundes har du forståing for samhandling, utviklingsarbeid og kommunen si rolle som tenesteytar.
Ved tilsetjing blir det lagt stor vekt på personlege eignaheit, utdanning og erfaring innan leiing.
Bli kjend med moglegheitene i regionen, og korleis du kan bu, jobbe og leve eit godt liv her. Sjekk ut nettsidene regionsunnfjord.no og nytta.no.
Vi gjer merksam på at søkjarlista med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar til å unnta ho frå offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekkje søknaden før lista blir offentleggjort.
Link til søknadsskjema:
Søk herFjaler kommune har omlag 3000 innbyggarar og ligg i Sunnfjord i Vestland fylke, mellom fjord og fjell, rundt tre timar nord for Bergen.
Med vår flotte natur, engasjerte lokalsamfunn og spanande arbeidstilbod, er Fjaler kommune ein stad der livskvalitet står i fokus, og der menneske i alle livsfasar finn tryggleik, trivsel og gode utviklingsmoglegheiter.
Vi har mange varierte og godt organiserte fritidstilbod innan kultur og idrett, og har gode skular og barnehagar.
UWC og Dalsåsen kunstnarsenter har i mange år tilført Fjaler internasjonale impulsar. Det har gjort fjalerfolk trygge på å ta godt i mot nye innbyggarar, og skape eit ope, inkluderande lokalsamfunn omgitt av fjord, fjell og vakker natur.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.