Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Psykosepoliklinikken ved Haugaland DPS (HDPS) søkjer etter ein engasjert overlege i psykiatri som ønskjer å bli ein del av eit spennande fagmiljø i utvikling.
Her blir du ein viktig del av eit tverrfagleg miljø med høg fagleg kompetanse, tett samarbeid og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Vi ønskjer oss ein kollega som er oppteken av god pasientbehandling, og som vil bidra til å vidareutvikle behandlingstilbodet vårt.
Psykosepoliklinikken følgjer pasientar gjennom heile sjukdomsforløpet, frå tidleg oppdaging og utgreiing av psykose til behandling og langvarig oppfølging av pasientar med alvorlege og samansette psykoselidingar. Vi har òg ansvar for oppfølging av pasientar underlagt tvunge psykisk helsevern utan døgnopphald (TUD) i opptaksområdet vårt.
Som overlege vil du få ei sentral rolle i både utgreiing og behandling. Du vil delta i det etablerte utgreiingsteamet vårt, som i hovudsak består av legar og psykologar. Teamet arbeider med brei differensialdiagnostikk og samansette kliniske problemstillingar, med vekt på ein tydeleg samanheng mellom utgreiing, diagnose og behandlingsplanlegging.
Stillinga gir høve til å kombinere avansert differensialdiagnostisk arbeid med sjølvstendig klinisk behandling og oppfølging av pasientar over tid. Vi legg stor vekt på fagleg samarbeid, og det vil bli gitt rettleiing og lagt til rette for regelmessige faglege drøftingar og kollegial støtte.
Behandlingstilbodet ved poliklinikken omfattar medikamentell behandling, psykoterapi, familiearbeid, IMR-grupper (Illness Management and Recovery), musikkterapi og livsmeistringsgrupper. Vi samarbeider òg med NAV om individuell jobbstøtte (IPS) som ein integrert del av behandlinga.
Haugaland DPS har to sengepostar, der behandlarar frå Psykosepoliklinikken følgjer eigne pasientar også under døgnopphald ved den eine posten. Dette gir gode føresetnader for kontinuitet og heilskaplege behandlingsforløp. Stillinga vil innebere arbeid både i poliklinikk og på sengepost.
Ved Haugaland DPS har vi eit etablert ACT-team i samarbeid med Haugesund kommune og eit FACT-team som følgjer opp pasientar i seks andre kommunar. Poliklinikken driv òg eit omfattande kvalitetsforbetringsarbeid for å vidareutvikla utgreiing og behandling i tråd med nasjonale faglege føringar og oppdatert kunnskap. Som overlege vil du få høve til å bidra aktivt i dette arbeidet.
Fagmiljøet ved Haugaland DPS består av overlegar i psykiatri, psykologspesialistar, legar og psykologar under spesialisering og andre erfarne faggrupper. Verksemda er lokalisert i Haugesund og Kopervik, og det må påreknast arbeid ved begge lokasjonane.
Hos oss får du ein variert og fagleg utfordrande arbeidskvardag, med gode kollegaer, fagleg støtte og moglegheit til å påverke utviklinga av eit framtidsretta behandlingstilbod for pasientar med psykoselidingar.
Vi ser etter deg som:
Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Louise Sandve, Funksjonsleiar, 99012230, louise.sandve@helse-fonna.no
Floravegen 75
5535 Haugesund
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5191177854
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2026
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.