Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Vil du vera med å styrka psykisk helsevern for barn og unge?
Ved BUP Stord, Husnes-/Odda kontoret har vi ledig 1-års vikariat i 100% stilling som psykologspesialist/psykolog. Stillinga er dagstilling med 37,5 timar per veke.
Me søkjer ein engasjert psykologspesialist eller psykolog under spesialisering til vårt kontor i Odda evt. Husnes. Hos oss blir du del av små, tverrfaglege team som jobbar tett saman, der både fagleg utvikling og samarbeid står sterkt. Me har faste fagdager der leiing og medarbeidarar saman drøftar og finn løysingar på faglege utfordringar.
Me er ei stabil personalgruppe med god lokal tilknyting, og har solid dekning av psykologar og spesialistar. Det sikrar god støtte og kvalitet i arbeidet vårt. Me legg vekt på fagleg utvikling som tek omsyn til behova hos pasientane og interessene hjå medarbeidarane våre.
💙
Ønskjer du å kombinera fagleg utvikling med meiningsfullt arbeid for barn og unge? Då vil me gjerne høyra frå deg.Hos oss er det viktig at du:
Hos oss blir du ein del av eit trygt og engasjert fagmiljø der samarbeid, utvikling og trivsel står i sentrum.
Ingvild Kaldråstøyl, Funksjonsleiar, +47 534 91220, ingvild.kaldrastoyl@helse-fonna.no
Sjukehusvegen 10
5750 Odda
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5201242714
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.01.2027
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 22.11.2026
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.