Undredal Stølsysteri SA sin daglege leiar går av med pensjon. Vil du overta jobben?
Vi ser etter deg som kjenner til småskalysting og som er ein god lagleiar.
Me søkjer etter ein person som har greie på ysting, økonomi, personalarbeid osv.
Ring 907 18 655 eller send e-post til post@undredalstolsysteri.no
Du vil få eit spekter av oppgåver, ein god del ansvar og tilgang til mange fine geiter og mykje god ost!
Undredal Stølsysteri SA vert eigd og drive av tre familiebruk med geit i Undredal, Aurland kommune, innerst i Sognefjorden. Sesongen varer frå februar til oktober.
Me produserer kvit upasteurisert geitost, brun geitost og steikost av mjølka frå våre 230 geiter.