Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Vi ser etter ein analytisk og teknisk sterk dataanalytikar som vil forstå komplekse problemstillingar, utforske data og utvikle analysar og modellar som gir banken betre innsikt og avgjerdsstøtte.
Du blir ein del av Innsikt, banken sitt fagmiljø for data og analyse, i avdelinga Økonomi og innsikt. Her får du jobbe med heile løpet frå problemstilling og rådata til analyse, modell og løysing. Stillinga har eit tydeleg tyngdepunkt innan analyse, men krev også at du arbeider sjølvstendig med datagrunnlag, programmering og nye metodar innan avansert analyse og kunstig intelligens.
Vi arbeider mellom anna med Python, SQL, Snowflake, Microsoft Fabric og Power BI.
Vi ser etter deg som kombinerer sterk analytisk forståing med solid teknisk kompetanse. Du likar å utforske problemstillingar, teste hypotesar og finne samanhengar i data. Du evnar å gå frå ei problemstilling til datagrunnlag, analyse og modell, og utvikle resultat som andre kan forstå og bruke.
Du treng ikkje vere systemutviklar, men du må ha god programmeringskompetanse og kunne arbeide sjølvstendig med kode, databehandling og moderne analyseverktøy. Du evnar å ta i bruk og vidareutvikle teknologiske løysingar, og er nysgjerrig på nye metodar og verktøy som kan gi betre innsikt og skape verdi for banken.
Du har relevant høgare utdanning innan til dømes informatikk, dataanalyse, matematikk, statistikk, økonomi med sterk kvantitativ retning eller tilsvarande.
Erfaring med Snowflake, Microsoft Fabric eller tilsvarande data- og analyseplattformer er ein fordel.
Hos oss får du vere med på å utvikle korleis ein av regionens leiande finansaktørar nyttar data, analyse og ny teknologi i praksis.
Du blir ein del av eit tverrfagleg fagmiljø med høg kompetanse innan økonomi, data, teknologi og styring. Vi har korte avgjerdsvegar, stor tillit til medarbeidarane våre og gode moglegheiter til å påverke både løysingar og retning.
Vi investerer i moderne teknologi og kompetanseutvikling, og legg til rette for at du skal kunne utvikle deg både fagleg og personleg.
Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med teamleiar Vidar Kjøpstad.
Vi gjennomfører bakgrunnsundersøkingar av søkarar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og annan dokumentasjon. Undersøkinga blir utført av Semac AS.