Akuttmottak Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Akuttmottak Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF søker spesialsjukepleiar/sjukepleiar i Ålesund. Fast, heltid. Krav: bachelorgrad, 1-3 års erfaring. Turnus. Søknadsfristen er 8. desember 2026.
Skrevet av Akuttmottak Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Vil du ha ein arbeidskvardag med faglege utfordringar, variasjon og moglegheit til å gjere ein forskjell – kvar einaste dag?
Akuttmottaket ved Ålesund sjukehus søkjer to engasjerte spesialsjukepleiarar/sjukepleiarar til to faste stillingar. Ved intern tilsetting kan andre stillingar (vikariat) bli ledige. Hos oss får du ein spennande og innhaldsrik arbeidskvardag i eit aktivt fagmiljø, der ingen dagar er like, og der kompetansen din verkeleg kjem til nytte!
Vi tek imot alle pasientar som treng augeblikkeleg hjelp, både barn og vaksne, med eit breitt spekter av akutte og uavklarte tilstandar. Pasientane kjem med problemstillingar innan fagområda medisin, kirurgi, ortopedi, hematologi og onkologi. I delar av døgnet har vi også funksjon som augeblikkeleg hjelp skadepoliklinikk. Dette gir ei unik fagleg breidde og ein arbeidskvardag som stiller krav til både klinisk blikk, sjølvstende, fleksibilitet og evne til å handtere ulike situasjonar.
Akuttmottak er ei beredskapsavdeling med høg kompetanse innan mottak av kritisk dårlige TEAM pasienter. Vi tek imot TRAUME-, MET-, barn-, slag- og hjertestansteam.
Akuttmottaket er ein sentral del av sjukehuset og ofte pasientane sitt fyrste møte med spesialisthelsetenesta. Vi jobbar i eit miljø med høgt tempo, varierte arbeidsoppgåver og tett tverrfagleg samarbeid. Her får du moglegheit til å bruke og vidareutvikle kompetansen din, gjere sjølvstendige kliniske vurderingar og bidra til at pasientane får rask, trygg og god behandling når dei treng det som mest.
Vi er opptekne av fagleg utvikling, kunnskapsdeling og eit godt arbeidsmiljø. Hos oss blir du ein del av eit engasjert team med dyktige kollegaer som støttar kvarandre, deler kunnskap og jobbar saman for å gi pasientane best mogleg behandling.
Ønskjer du ein arbeidskvardag der du får faglege utfordringar, utviklar deg som sjukepleiar og er ein viktig del av eit lag som gjer ein forskjell? Då håpar vi du søkjer hos oss!
Vi går ei spennande framtid i møte! Hausten 2027 flyttar vi inn i eit heilt nytt akuttmottak. Som medarbeidar hos oss får du vere med på ei viktig utviklingsreise og bidra til å forme framtidas akuttmottak, både fagleg og organisatorisk. Hos oss blir du ein del av eit viktig lag! Vi er opptekne av å skape ein arbeidsplass der vi tek vare på kvarandre, deler kunnskap og saman jobbar for å gi pasientane best mogleg behandling.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til CV-en din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Kristin Vestnes Sunde, Kons seksjonsleiar, +47 93681003, Kristin.Vestnes.Sunde@helse-mr.no
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5210960368
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.12.2026
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 153 jobber for sykepleiere i Møre og Romsdal de siste 90 dagene.
680 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 615 000 og 740 000 kr.
Annonsen sier: lønn etter tariff.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 17 andre ledige jobber for sykepleiere i Ålesund nå, hos 12 arbeidsgivere.
Se alle ledige stillinger som sykepleier i Ålesund
Vil du vite når det kommer nye stillinger som sykepleier i Ålesund?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har én annen ledig stilling hos oss nå, og de har lyst ut 2 stillinger siden juli 2026.
Se hva Brønnøysundregistrene sier om Akuttmottak Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF: om firmaet finnes, om det er konkurs og hvor lenge det har vært registrert.
Sjekk firmaetAnnonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer f95aa5a5-6eef-427f-8398-04e2e84fcc75. Se den hos Nav
Frist
14 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Akuttmottak Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF.
Kristin Vestnes Sunde
Kons seksjonsleiar
Kristin.Vestnes.Sunde@helse-mr.no+47 936 81 003