Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Vil du bli med på å gjere arbeidslivet meir tilgjengeleg for døve, høyrselshemma og døvblinde? Hos oss får du bruke tolkekompetansen din både praktisk og strategisk. Du blir ein del av eit tverrfagleg miljø som arbeider for betre tilrettelegging i utdanning og arbeidsliv. Du får vere med å utvikle tenestene våre slik at vi kan nå målet om å hjelpe fleire gjennom utdanning og ut i arbeidslivet.
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen har omlag 120 tilsette og held for tida til på Kokstad i Bergen. Eininga består av seks avdelingar som til saman har brei tverrfagleg kompetanse innan helse, teknologi, forvaltning og pedagogikk. I løpet av 2029 flyttar vi til nye og moderne lokale.
Vi er organisert under Nav hjelpemiddel og tilrettelegging som består av omlag 1300 tilsette og 14 hjelpemiddelsentralar på landsbasis. Vi er eit ressurs- og kompetansesenter med god kunnskap om ulike funksjonsnedsettingar og korleis tilrettelegging, hjelpemiddel og teknologi kan fremme funksjon, aktivitet og samfunnsdeltaking for alle. Tilsette på hjelpemiddelsentralen har brei fagleg bakgrunn, og vi løyser oppgåvene gjennom tett tverrfagleg samarbeid. Vi gjev bistand til brukarar, kommunar, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartnarar gjennom rådgjeving, opplæring og tilrettelegging.
Ambulant verksemd må påreknast
Vi ser etter deg som har:
Vi ynskjer at du har:
Om du blir tilsett hos oss, får du:
Korleis er det å jobbe hos oss – eigentleg?
Vi vil at du skal kjenne deg trygg på valet ditt. Får du tilbod om stillinga, kan du få ein omvendt referansesjekk. Det betyr at du kan snakke med nokre av medarbeidarane våre og spørje om det du lurer på. Då får du eit betre inntrykk av korleis det er å jobbe hos oss, og om vi er ein god match.
Hans Jørgen Svabekk, leiar for avdeling Tolk, 926 63 111, hans.jorgen.svabekk@nav.no
Leif Fauskanger, leiar for avdeling Rådgivning, 951 87 003, leif.fauskanger@nav.no
Hans Jørgen Svabekk, Avdelingsleiar tolk, 926 63 111, Hans.Jorgen.Svabekk@nav.no
Leif Fauskanger, Avdelingsleiar Rådgivning , 951 87 003, leif.fauskanger@nav.no
Kokstaddalen 35
5257 Kokstad
Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5204428265
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.11.2026
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling