Vi har ledig ei 15 % fast stilling som assistent på avdeling for sjukepleie. Ein jobbar i to-delt turnus med vakter kvar 3. helg.
Stillinga passar for deg som er interessert i menneske og vil lære meir om rehabilitering. Du må kunne arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner. Du må og kunne beherske norsk språk skriftleg og munnleg.
For å jobbe som assistent bør du helst vere fylt 18 år, men yngre kan og verte vurdert.
Det vil bli stilt krav om framlegging av politiattest før tiltreding i stillinga jfr. Helsepersonelloven § 20a.
Jobben består mellom anna i å hjelpe til ved stell, følge og delta i pasientaktivitetar. Du jobbar tett saman med sjukepleiar, men har og sjølvstendige oppgåver.
God opplæring
Varierte arbeidsoppgåver
Eit godt arbeidsmiljø
Gode velferdsordningar
Konkurransedyktige vilkår
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein spesialistinstitusjon innan fysikalsk medisin og rehabilitering. Senteret har driftsavtale med Helse Vest RHF om døgnrehabilitering. Vi tilbyr både gruppe og/eller individuelle opphald for vaksne, ungdom og barn.