Kan du tenke deg å lære meir om rehabilitering? Då kan dette vere ei fin moglegheit for deg. Vi har ledig vikariat som sjukepleiar i tredelt turnus: 60% stilling i vikariat frå 04.01.2027 til 15.08.2027
Vi ser etter deg som;
Har norsk autorisasjon som sjukepleiar
Har interesse for eller erfaring frå rehabiltering
Du har god munnleg og skriftleg framstillingseve (må kunne norsk)
Det vert lagt vekt på gode samarbeidsevner og evne til å jobbe tverrfagleg
Personleg eignaheit vert vektlagt og du må legge fram vandelsattest jfr Helsepersonelllova §20a
Arbeidet vil omfatte direkte pasientkontakt, individuelle samtaler og oppfølging, i tillegg til tverrfagleg samarbeid med andre faggrupper
Ein kunnskapsrik organisasjon med engasjerte og utviklingsorienterte medarbeidarar
Gode lønns- og arbeidsvilkår
Gode velferd- pensjon- og forsikringsordningar
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein spesialistinstitusjon innan fysikalsk medisin og rehabilitering. Senteret gir tilbod til pasientar med behov for intensiv, tverrfagleg rehabilitering i spesialisthelsetenesta.
Senteret har driftsavtale med Helse Vest RHF om døgnrehabilitering. Vi tilbyr både gruppe og/eller individuelle opphald for vaksne, ungdom og barn. Det er kring 1000 pasientar til rehabilitering ved senteret kvart år.