Vil du vere med å utvikle framtidas tenester til heimebuande? Send oss ein søknad. Me ser fram til å høyra frå deg!
Dette er ei kombinert stilling i Sjukepleie- og meistringsteamet i Aktivitet og re/habilitering i Heimerehabiliteringsteam.
Det er ledig fast 100 % stilling for autorisert sjukepleiar eller helsefagarbeidar.
Stillinga er delt mellom 40 % i Sjukepleie- og meistringsteamet med turnusarbeid kvar 3. helg, og 60 % i Heimerehabiliteringsteam med arbeid dagtid.
Stillinga gir deg ein spennande og variert arbeidskvardag med moglegheit til å følgje brukarar gjennom ulike fasar av helsetenestene.
Dette er stillinga for deg som ønskjer fagleg utvikling, tverrfagleg samarbeid og å bidra til at innbyggjarane kan bu trygt og godt heime så lenge som mogleg.
Sjukepleie- og meistringsteamet består av sjukepleiarar som har eit særleg ansvar for sjukepleiefaglege oppgåver til heimebuande brukarar. Teamet arbeider målretta med kartlegging, avansert sjukepleie, observasjon, behandling, rettleiing av kollega, koordinering og meistring.
Heimerehabilitering er eit tverrfagleg tilbod til personar som har opplevd eit brått eller gradvis funksjonsfall som har behov for oppfølging etter sjukdom eller skade. Teamet arbeider målretta og tidsavgrensa for å styrkje brukarane si eiga meistring og sjølvstende i kvardagen.
I teamet samarbeider sjukepleiarar, fysioterapeutar og ergoterapeutar tett med brukaren. Treninga tek utgangspunkt i brukaren sine eigne mål og det som er viktig i kvardagen. Målet er å styrkje funksjon, meistring og moglegheita til å vere aktiv og sjølvstendig i eigen kvardag.
Me er ein organisasjon i utvikling og har samla sjukepleiarkompetansen i eit eige fagmiljø der samarbeid, fagleg refleksjon og kollegastøtte står sentralt. Teamet er også involvert i utvikling av sjukepleieklinikk og nye arbeidsmåtar innan framtidas heimebaserte tenester.
Kvifor velje oss?
Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø
Tett samarbeid med dyktige kollegaer frå fleire faggrupper
Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
Moglegheit til å påverke og utvikle tenestene
God opplæring og tett oppfølging
Fokus på fagutvikling og kunnskapsbasert praksis
Ein meiningsfull arbeidskvardag der du gjer ein forskjell
Sjukepleiefagleg oppfølging av heimebuande brukarar
Kartlegging, vurdering og oppfølging av helsetilstand
Rehabiliterande oppfølging og meistringsarbeid i brukarane sine heimar
Legemiddelhandtering og kliniske prosedyrar
Samarbeid med pårørande, fastlegar, sjukehus og andre samarbeidspartnarar
Tverrfagleg samarbeid i heimerehabiliteringsteamet
Rettleiing av studentar, elevar og kollegaer
Bidra til fagutvikling og kvalitetsforbetring
Er fagleg engasjert og utviklingsorientert
Har gode samarbeidsevner
Er sjølvstendig og strukturert
Kommuniserer godt med brukarar, pårørande og kollegaer
Har interesse for rehabilitering, meistring og tverrfagleg samarbeid
Bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Norsk autorisasjon som sjukepleiar
Helsefagarbeidar med relevant vidareutdanning og/eller erfaring innan rehabilitering kan og søke
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera norskkunnskapar tilsvarande nivå B2
Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar vert tillagde stor vekt
Politiattest:
Det er krav om å leggje fram politiattest for alle som yter tenester innanfor rehabilitering, helse og omsorg ref. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4
Tilsetjinga føreset at arbeidstakaren legg fram gyldig politiattest innan tiltreding dersom dette er kravd for stillinga etter lov eller forskrift. Dersom politiattest ikkje blir lagd fram innan fristen, eller attesten viser forhold som etter gjeldande regelverk er til hinder for tilsetjing i stillinga, kan arbeidsgivar avgjere at arbeidstakaren ikkje kan tiltre stillinga.
Løn kr 25.000 over garantiløn i hovudtariffavtalen (gjeld sjukepleiar)
Eit spennande og innovativt fagmiljø
Varierte arbeidsoppgåver innan både sjukepleie og rehabilitering
IA-bedrift og tilgang til bedriftshelseteneste
Medlemskap i Ve og Vel med mellom anna tilgang til leilegheiter i Røldal og Husøy, båt og tilhengar
Offentleg tenestepensjon
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Dersom søkjar ønskjer å bli unnateken frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om reservasjon. Søkjar vert varsla dersom ønsket ikkje vert teke til følgje.
Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.