Gratis å prøve, uten konto. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Avdelingsleiar - Langtidsavdeling (Stugu)
Me har ledig inntil 100 % fast stilling som sjukepleiar som skal jobbe på tvers ved både ved korttids- og langtidsavdelinga.
Er du ein som tek initiativ, kan ta sjølvstendig ansvar og ønskjer å vere med å utvikle gode helse- og omsorgstenester?
Evnar du å gje tryggleik gjennom god, fagleg omsorg. Vil du yte det vesle ekstra og er samtidig fleksibel, samarbeidsvillig og har evne til nytenking?
Ønskjer du å bruke breidda i sjukepleiarfaget i møte med pasienter med varierte og samansatte behov?
Då vil me ha deg med i laget - anten du har erfaring eller du er nyutdanna - her hjå oss får du god opplæring og rettleiing.
Arbeidsoppgåver:
Personleg eigenskapar vert tillagt stor vekt
Avdeling Gjestetunet er ei aktiv korttidsavdeling som tilbyr tilrettelagd og individuell oppfølging av pasientar både innan behandling, palliasjon, demens, psykiatri og rehabilitering. Avdelinga har 16 plassar, 12,6 årsverk og har god fagdekning. Avdeling Stugu er ei sjukeheimsavdeling som tilbyr langtidsopphald til pasientar med demensdiagnose og generelle geriatriske problemstillingar. Avdelinga har 33 plassar og 32 årsverk.
Institusjonstenesta har base på Ål helsesenter som består av både fysio- og ergoterapiteneste, psykisk helseteneste, heimesjukepleie og omsorgsbustader . Ål legekontor, Hallingdal sjukestugu og prehospitale tenester er samlokalisert med Ål helsesenter.
Det blir lagt stor vekt på tilrettelagt aktivitet og gode opplevingar for bebuarane. Me har stort fokus på fag, kvalitet og utvikling. Du kan rekne med ein variert og spennande jobb - i eit arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar. Tverrfagleg samarbeid står i fokus. Det er tett samarbeid med fysioterapeut, ergoterapeut og sjukeheimslegen. Gjennom TØRN, jobbar vi systematisk med å få på plass fag- og sjukepleiarteam, ny oppgåvedeling og nye arbeidstidsordningar,
Ta gjerne kontakt med oss.
Velkommen som søkjar!
Link til søknadsskjema:
Søk herÅl kommune er ein utviklingsorientert arbeidsgjevar for 650 engasjerte tilsette, som er opptekne av å gje tenester av høg kvalitet til alle innbyggjarar, store og små. I UNICEFS rapport om kvaliteten i oppvekst- og levevilkår, er Ål kommune blant dei 10 beste kommunane i Noreg.
Dei fleste av helse-og omsorgstenestene er lokalisert ved Ål helsesenter, som er samlokalisert med Hallingdal sjukestugu og prehospitale tenester. Me har moderne lokalar og god tilgang på teknisk utstyr. Ål helsesenter er samlingspunkt for små samankomstar og større arrangement. Me har eigen kafeteria som tilbyr kaffi, lunsj og middag. Kårstugu og Nigardstugu har ei rekkje aktivitetar som både bebuarar og heimebuande nyttar seg av. Dagsenter for eldre og dagsenter for kognitiv svikt er også lokalisert ved Ål helsesenter.
Det blir lagt til rette for å vidareutvikle sin kunnskap gjennom god opplæring, internkurs og vidareutdanning. Helse- og omsorgssektoren driv spanande prosjekter og utviklingsarbeid, som sett dagsaktuelle tema i fokus.
Me er også vertskommune for Hallinghelse, som er eit unikt fag- og utviklingsfellesskap for kommunane i Hallingdal.
Ål er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv! Bu- og levekostnadene rimelegare enn i dei store byane, noko som gjer at du kan bruke pengane på å realisere draumane dine; anten det er å vere meir ute, reise eller skape noko sjølv. I Ål ønskjer vi å legge til rette for at nytilflytta kjenner seg sett, møtt og inkludert. Les meir på våre heimeside.
Ål er ein av dei beste kulturkommunane i Noreg. Kulturhuset tilbyr spanande og variert program for heile Hallingdal.
Ål kommune vart kåra til både Årets kulturkommune og Årets nynorskkommune i 2021!