Likar du å kombinere struktur og orden med arbeid tett på menneske? Ønskjer du ein jobb der du får ansvar, tillit og høve til å gjere ein forskjell i unge menneske sine liv? Hos oss kombinerer du administrasjon (50 %) med sosialt arbeid (50 %) i eit levande folkehøgskulemiljø
Me ser etter ein kandidat som har:
Har stor takhøgd og møter både elevar og kollegaer på ein respektfull og likeverdig måte
Erfaring frå skule, folkehøgskule, sosialt arbeid eller arbeid med ungdom er ein fordel.
Som administrasjonsleiar vil du mellom anna ha ansvar for:
Om lag halvparten av stillinga er knytt til sosialt arbeid og oppfølging av elevane.
Du vil vere ein synleg og tilgjengeleg vaksenperson i skulemiljøet og bidra til tryggleik, trivsel og eit godt sosialt fellesskap. Arbeidet omfattar mellom anna:
Har du lyst til å vere med og skape ein god skulekvardag for elevane våre og samtidig bidra til ei trygg og effektiv drift av Stord Folkehøgskule? Då ønskjer me å høyre frå deg!
For tilsetjing ved Stord Folkehøgskule krevst det politiattest av kandidatar som får tilbod om stilling.
I hjarta av Vestlandet, midt mellom Bergen og Stavanger, finn du Stord Folkehøgskule, ein kreativ og moderne skule.
Me har elevar frå inn- og utland og varierte linjer som gir eit sosialt og inkluderande skulemiljø.
Elevane våre kjem til oss for eit år fylt med læring, opplevingar, fellesskap og personleg utvikling. Som tilsett blir du ein del av eit levande skulemiljø der relasjonar, trivsel og elevane si utvikling står sentralt.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.