Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Vil du gjere digitale løysingar enklare og arbeidskvardagen betre for dei tilsette i kommunen?
Me søkjer ein rådgjevar i 100% fast stilling som vil bidra til å utvikle og forbetre måten kommunen nyttar digitale verktøy og system på. Du blir ein viktig samarbeidspartnar for tilsette på tvers av einingar og skal bidra til at teknologien fungerer godt i praksis, støttar arbeidsprosessane og løyser reelle behov.
I denne stillinga får du kombinere systemforvaltning, digitalisering og utviklingsarbeid med opplæring og rettleiing. Du skal ikkje berre følgje opp systema me har, men òg sjå moglegheiter for forbetring, finne gode løysingar og hjelpe andre med å ta dei i bruk.
Me ser etter deg som forstår samspelet mellom menneske, arbeidsprosessar og teknologi – og som ønskjer å bruke denne forståinga til å skape konkrete forbetringar.
Kommunikasjon og IKT vart oppretta i 2022 og har seks tilsette. Avdelinga arbeider med intern og ekstern kommunikasjon, systemforvaltning, digitalisering, utvikling, brukarstøtte og opplæring. Me samarbeider tett med einingane i kommunen for å forstå behova deira og utvikle løysingar som fungerer i kvardagen. Hos oss får du ei variert rolle med høve til å påverke korleis kommunen arbeider med digitale løysingar, og til å følgje utviklingsarbeidet frå behov til praktisk bruk.
Du skal bidra til at kommunen sine digitale løysingar fungerer godt, blir brukte på ein god måte og blir vidareutvikla i takt med behova i organisasjonen.
Dette inneber mellom anna å:
Me ser etter deg som har:
For å lukkast i rolla må du vere oppteken av å forstå behova til andre og finne løysingar som fungerer i praksis. Du må også evne å ha eit overordna blikk over systemlandskapet, like å dele kunnskap og tileigne deg ny kunnskap.
Me trur du:
Hos oss får du ei rolle der du kan kombinere teknologisk forståing med samarbeid og utvikling. Me ønskjer oss ein kollega som ser moglegheiter, skaper gode relasjonar og vil gjere digitale løysingar til ein naturleg og nyttig del av arbeidskvardagen.
Link til søknadsskjema:
Søk herLuster kommune ligg inst i Sognefjorden og er arealmessig blant dei aller største kommunane i Sør-Noreg.
Kommunen rommar både mektige tindar, djupe fjordar og snødekte brear. Folketalet nærmar seg 5500 innbyggjarar. Det er eit allsidig næringsliv med vekt på vasskraftproduksjon, landbruk og bærdyrking, reiseliv og turisme, innovativ profilering- og trykkeriverksemd. Kommunesenteret Gaupne ligg rundt 25 minutt frå regionsenteret Sogndal. Luster har mange levande bygder og aktive lokalsamfunn. Det er eit godt og breitt kommunalt tenestetilbod. Meir informasjon finn du på: www.luster.kommune.no
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/f8915265-a527-4dd3-a2c7-d0ef4f693575