Luster kommune søkjer ein engasjert og strukturert rådgjevar til ein spennande stilling innan løn og personal.
Me søkjer deg som har interesse for løn, personalforvaltning og administrative oppgåver. Her får du ei viktig rolle i å sikre kvalitet i lønsarbeidet og bidra til god oppfølging og rettleiing i personalforvaltninga.
Me ser etter deg som trivst med tal og administrative oppgåver, har auge for detaljar og likar å finne gode løysingar i samarbeid med andre.
Stillingsinformasjon:
Personlege eigenskapar vert vektlagt høgt.
Link til søknadsskjema:
Søk herLuster kommune ligg inst i Sognefjorden og er arealmessig blant dei aller største kommunane i Sør-Noreg.
Kommunen rommar både mektige tindar, djupe fjordar og snødekte brear. Folketalet nærmar seg 5500 innbyggjarar. Det er eit allsidig næringsliv med vekt på vasskraftproduksjon, landbruk og bærdyrking, reiseliv og turisme, innovativ profilering- og trykkeriverksemd. Kommunesenteret Gaupne ligg rundt 25 minutt frå regionsenteret Sogndal. Luster har mange levande bygder og aktive lokalsamfunn. Det er eit godt og breitt kommunalt tenestetilbod. Meir informasjon finn du på: www.luster.kommune.no
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/f8915265-a527-4dd3-a2c7-d0ef4f693575
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.