Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Vi søkjer vikar som pedagogisk leiar i Sundre barnehage frå 01.02.27 tom 31.12.27, med moglegheit for fast stilling.
Drøymer du om ein jobb der du kvar dag får vere tett på leik, utvikling og livsglede? Der du kan bruke fagkunnskapen din til å skape ein barndom fylt av meistring, utforsking og gode opplevingar? Då kan Sundre barnehage vere arbeidsplassen for deg.
Midt i hjartet av Ål finn du ein levande og framtidsretta barnehage med seks avdelingar, engasjerte medarbeidarar og eit læringsmiljø som inviterer til nysgjerrigheit og opplevingar året rundt. Her har barna tilgang til eit stort og variert uteområde med eigen leirplass, potetåker og grønsakshagar. Rett utanfor gjerdet ligg Ål skulepark med hinderløype, klatrestativ og aktivitetsområde, og vi har kort veg til både bibliotek, kulturhus og idrettspark.
I Sundre barnehage arbeider vi ut frå visjonen til Ål kommune; «Alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige.» Det handlar om å gi barn ein trygg oppvekst, sterke relasjonar og eit godt grunnlag for vidare læring og livsmeistring. Vi er opptekne av å vere tett og tidleg på, og å skape best mogleg læringsutbytte gjennom leik, omsorg og utviklande fellesskap. Vår visjon er «Leik, lær og le – le, lær og leik» også dette barnehageåret.
Hos oss er verdigrunnlaget meir enn fine ord på eit papir. Det skal synast i møte med barna kvar dag.
Vi ønskjer oss ein pedagog som ser verdien av små augeblikk, som undrar seg saman med barna og som veit at dei viktigaste læringssituasjonane ofte oppstår når ein minst ventar det.
Vi ser fram til å høyre frå deg. Velkomen som søkjar til Sundre barnehage!
Link til søknadsskjema:
Søk herSundre barnehage er ein stor barnehage med et spennande fagmiljø som satsar på pedagogisk læring gjennom leik og trivsel. Sundre barnehage heldt til på Prestegardsjordet i Ål sentrum og har seks avdelingar. Me har eit stort, variert uteområde og eigen leirplass rett utanfor gjerdet. Barnehagens næraste nabo er Ål skulepark og turområdet Elvelangs. Me har gangavstand til Sundre sentrum med Ål kulturhus med bibliotek og Ål Idrettspark på Bråta.