Gratis å prøve, uten konto. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
I Vest politidistrikt har me ledig faste stillingar som politibetjent 3/2/1 i GDE Sogn og Fjordane. Erfaringsmessig vil det dei neste månadene vera ledig ein eller fleire stillingar på alle stasjonane i Nordfjord (Nordfjordeid, Måløy og Stryn), Sunnfjord (Florø, Førde, Fjaler, Høyanger og Gloppen) og Sogn (Sogndal, Vik og Lærdal).
Me tilbyr kombistillingar med arbeidsoppgåver innan førebygging, orden og etterforsking, der etterforsking utgjer i overkant av 50 prosent av innhaldet i stillinga.
Med om lag 140 årsverk sørvar me 110000 innbyggjarar. Me ynskjer å vera i forkant av kriminaliteten, og samarbeider tett med kommunar, frivillige organisasjonar og næringsliv for å bidra til at Sogn og Fjordane også i framtida skal vera ein trygg stad å bu.
Me leverer 24/7 beredskap, er synleg i lokalmiljøet og bidreg til god oppklaring gjennom desentralisert etterforskingsstruktur. Me har også ein eigen etterforskingsavdeling som jobbar med dei høgst prioriterte straffesakene. Årleg utstedar me om lag 16000 pass og id-kort.
Du som jobbar kombiteneste utgjer politpatrulja i distriktet. Den skal førebyggja, avdekka og etterforska kriminalitet. I tillegg skal politipatrulja yta publikum service, hjelp og vern når situasjonen krev det. Politiarbeid på staden (PPS) er ein sentral arbeidsmetode for politipatruljen, og bind saman politioperativt arbeid med etterforsking og førebyggjing. Du er ute og løyser oppdraget, for så å vera med å etterforska saka vidare.
Du får også vera med å utvikla dine operative ferdigheiter gjennom gode IP-treningar. Som etterforskar føl du HEVE. I tillegg kan du søkja vidareutdanningar.
I Sogn og Fjordane er det mogelegheiter for karrierereiser og fagutvikling innan etterforsking, førebygging og operativt politiarbeid; t.d. innsatsleiing, UEH, etterforskingsleiing, fagleiing, politikontakt, spesialetterforsking, tilrettelagd avhøyr, trafikk, digitalt politiarbeid m.m.
Sogn og Fjordane byr og på eit eldorado innan friluftsliv både sommar og vinter. Her kan du boltra deg på ski nedetter bratte fjellsider, eller nyta livet på ein knaus eller strand ved sjøen. Det er ikkje utan grunn at Sogn og Fjordane før ny fylkesstruktur, vart omtala som trivselsfylket!
Har du studielån, så vil du også kunne få gjeldssletting i samsvar med lånekassen sine reglar.
Me er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal me skapa tryggleik for innbyggjarane våre gjennom å førebyggja og nedkjempa kriminalitet. Me trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing, og søkjer difor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil me gjera vårt beste for å gje deg det du treng.
Me ynskjer deg som har evne til å arbeida sjølvstendig og systematisk i ein hektisk arbeidskvardag. Du er resultatorientert med evne til å ta avgjerder, er nysgjerrig og har god gjennomføringsevne.
Er du framoverlent, fleksibel, ansvarsfull og evnar å jobba sjølvstendig med varierte oppgåver i eit mindre lokalmiljø? Då er det nettopp deg me treng i Sogn og Fjordane.
Dette må du ha for å vera kvalifisert:
Det er også ønskjeleg med:
Berre dokumentert kompetanse vert tatt med i vurderinga.
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjena våre og medarbeidarplattforma her.
Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma framtidas politi i lokalsamfunnet. Arbeidsdagen vår er spennande, variert og hektisk, der det er behov for å snu seg rundt på kort varsel. Du får brukt heile deg!
Stillingane blir lønna som politibetjent 3/2/1 - SKO 1461/1459/1457:
Hos oss vil du få gode arbeidsvilkår der du får moglegheit til å påverka eigen arbeidskvardag og utvikla deg (turnus, trening i arbeidstida, o.l). Du vil og få medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no
Oppnormering/omgjering til Pb2 og Pb3 i samsvar med gjeldande kompetansekriteriar for Pb2 og Pb3. Vidare lønnsutvikling vil skje i samsvar med hovudtariffavtalane i staten.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å kryssa av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppena blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gjev, blir brukt til å utarbeida anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterar på i sine årsrapportar.
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcVest politidistrikt dekkjer 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene heilt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt.
Politidistriktet har om lag 1350 tilsette med konstituert politimeister Ane Kvaal som øvste leiar. Politimeisteren har kontor sitt i Bergen, og der ligg også felles operasjonssentral.