Sunnfjord og Ytre Sogn Interkommunale Legevaktsamarbeid er ein spanande arbeidsplass i utvikling. Vi treng no ny dagleg leiar, som har eit ønske om å drifte vidare den gode legevakta vi har, og utvikle den vidare innanfor behova til våre eigarkommunar.
Søker må har minimum bachelorutdanning innan fagområdet helse. Tidlegare leiar-utdanning og -erfaring vil vektleggast. Tidlegare erfaring frå og kjennskap til legevakt vil vere ei føremon.
• Søker må ha norsk autorisasjon som helsepersonell
• Gode norskkunnskapar både når det gjeld forståing og evne til å uttrykke seg munnleg og skriftleg, nivå B2.
• Ha førerkort klasse B
Personlig egnethet
Fagleg og organisatorisk engasjement
Evne til å arbeide i team
Referanser (To referanser oppgis)
Politiattest av ny dato må fremlegges før tiltredelse
SYS IKL har hatt ein lege som øvste leiar dei siste 14 åra. Stillinga er no sagt opp frå 1. januar 2027, grunna nye arbeidsoppgåver utanfor organisasjonen. Stillinga som fagansvarleg lege er lyst ut, leiaransvaret ligg ikkje lenger til den stillinga. Administrativ leiar vil fortsette i si stilling fram til 31. mai 2027. Om ønskeleg, vil det vere opning for å tiltre i ny stilling som dagleg leiar tidlegare enn 1. juni 2027.
Stillinga som dagleg leiar inneber at du har det øvste administrative ansvaret for organisasjonen. Fagansvarleg lege er leiar sin næraste medarbeidar med tanke på fagleg rådgjeving for organisasjonen, og for å sikre god fagleg praksis ved legevakta. Som eit IKS er vi organisert med eige styre, med 5 faste styremøter årleg. I forkant av styremøter er det møte i det rådgjevande fagrådet, med legevaktansvarleg lege frå kvart legekontor i samarbeidet. Kvart halvår er det møte i representantskapen, som er organisasjonens øvste organ. Dagleg leiar førebur saker til fagråd, styre- og representantskapsmøter, og har saman med fagansvarleg lege møte- og talerett. Vidare har dagleg leiar ansvar for å gjennomføre dei vedtaka som er fatta i styre- og representantskapsmøtene.
SYS IKL har per no ein erfaren administrativ leiar i 100% stilling ut mai 2027, men kan fråtre tidlegare om dette er ønskeleg. Leiarrolla leggast no til denne stillinga. Stillinga som fagansvarleg lege er utlyst frå 1. januar 2027. Det er to erfarne fagutviklingssjukepleiar i kvar sin 50% stilling (ØHD/legevakt og legevaktsentral/legevakt). Til saman vil dette utgjere dette leiargruppa ved legevakta som samarbeidar tett. På overgrepsmottaket er det erfaren lege (tidlegare legevaktsjef) i 20% stilling som medisinskfagleg ansvarleg, og erfaren fagutviklingssjukepleiar i 100% stilling.
Tidlegare legevaktsjef og tidlegare administrativ leiar vil over tid vere tilgjengeleg for innføring i stillinga.
Det er om lag 50 fastlegar tilknytt legevakta. Vi har 4 fast tilsette natt-leger som går i rotasjonsstilling. Det er 28 sjukepleiarar tilsett, i samla 18 heile stillingar.
SYS IKL er ein organisasjon i utvikling, og det må påreknast arbeidsoppgåver både opp mot drift og vidareutvikling av organisasjonen:
Leie og vidareutvikle organisasjonen
Budsjett- og økonomiansvar (vi nyttar rekneskapskontoret i Sunnfjord kommune, og Kryss revisjon)
Personalansvar
Lønsforhandlingar med tilsette og legar (i samråd med styreleiar)
Førebuing og oppfølging av saker til fagråd, styremøte og representantskap
Vedlikehalde og vidareutvikle eit godt tverrfagleg samarbeid internt og eksternt; særleg opp mot øvrige kommunar og helseføretak
Bidra til handtering av avviks- og tilsynssaker
Bidra til utarbeiding og revisjon av naudsynte fagprosedyrer og -system
Øvrige driftsoppgåver i samarbeid med resten av leiargruppa
• Triveleg arbeidsplass med gode rutinar og varierte, spanande og utfordrande arbeidsoppgåver med fokus på kompetanseutvikling
• God løn
• Gode pensjonsordningar gjennom KLP
Sunnfjord og Ytre Sogn Interkommunale Legevakt (SYS IKL) vart oppretta i 2009. Sidan 2017 har legevakta vore drifta frå nye og moderne lokal tett tilknytt Førde sentralsjukehus. Dagens legevaktsjef (som og er fagansvarleg lege) har vore tilsett sidan 2012.
Legevakta er samlokalisert med ØHD/ korttidsavdeling og legevaktsentral, og ligg vegg-i-vegg med ambulansestasjon og sjukehus. Legevakta er eigd av 5 kommunar (ca 35.000 innbyggarar), og har legevaktsentral for halvparten av innbyggarane (ca 55.000) i gamle Sogn og Fjordane fylke. SYS IKL driftar og overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane.