Gratis å prøve, uten konto. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Er DU den nye seksjonsleiaren for vår flotte intensivseksjon?
Seksjon for intensiv og dagkirurgi ved Volda sjukehus har om lag 25 årsverk og inkluderer intensiv, overvaking, postoperativ og dagkirurgi.
Vi samarbeidar tett med andre seksjonar på sjukehuset for å levere gode tenester til befolkninga i vårt opptaksområde.
Seksjonsleiar er med i klinikken si leiargruppe og samarbeidar tett med dei andre seksjonsleiarane i Klinikk Volda. Klinikksjef er næraste overordna.
Velkomen til å bli ein del av teamet vårt!
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Volda ligg midt i noko av det vakraste Norge har å by på, omgitt av storslåtte fjordar og majestetiske fjell. På Sunnmøre finn du eit mangfald av naturopplevingar, frå djupe fjordar og vakker kystnatur til grøderike dalar, utfordrande klatreturar og spektakulære toppturar. Regionen byr òg på eit rikt kultur- og idrettsliv, i tillegg til eit levande høgskulemiljø. Frå Ørsta/Volda lufthamn, berre ti minutt frå sjukehuset, er det gode flysamband til resten av landet. Les meir om Volda her.
Siv Jensen, Ass. klinikksjef, 91108049, siv.jensen@helse-mr.no
Kløvertunvegen 1
6103 Volda
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5200518800
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.11.2026
Vi ønsker leiarar som er synlege, ansvarlege og som forstår at teamarbeid er avgjerande for å lykkast med samfunnsoppdraget. Som leiar må du engasjere og lede an i utviklinga av kultur og identitet i helseføretaket. Vi treng deg som kommuniserer godt, tar ansvar og beslutningar, og som har handlekraft til å drive fram konkrete forbetringar saman med teamet ditt. Vi gir deg opplæring på veien, tilgang på styringsinformasjon og tilbod om utvikling gjennom leiargruppa di - slik at du får utvikle deg som leiar i samsvar med dine eigne og helseføretaket sine forventingar. Tek du utfordringa?
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.