I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for operativ teneste, er det ledig ei fast stilling som rådgjevar SKO 1434. Stillinga er plassert ved Seksjon for operative tenester.
Vest politidistrikt er eit av landets største politidistrikt, med hovudsete i Bergen og ansvar for politi- og beredskapstenester i 38 kommunar i Vestland fylke. Med rundt 1300 tilsette jobbar vi kvar dag for å skape tryggleik, førebyggje kriminalitet og levere operative tenester av høg kvalitet. Distriktet kombinerer eit bredt geografisk ansvar med eit sterkt fagmiljø, moderne beredskapskapasiteter og et tydeleg samfunnsoppdrag. Hos oss blir du del av eit kompetent og engasjert lag som jobber tett på både lokalsamfunn, samarbeidspartnarar og nasjonale aktører. Organisatorisk er stillinga plassert under Felles eining for operative tenester (FOT) , Seksjon for operative tenester (SOT) (Operasjonssentralen (112) og politiets kontaktsenter (02800)
Som rådgjevar i SOT blir du ein sentral bidragsytar i å sikre god bemanning, effektiv drift og høg kvalitet i politiet sine operative tenester. Vi søkjer ein strukturert og systemsterk person som trivst med ansvar, handterer komplekse oppgåver og bidreg aktivt i utvikling og oppfølging av arbeidsplanar, ressursbruk og dagleg drift. Hos oss får du jobbe tett på beredskap, leiing og operative miljø – og vere med på å halde Vest politidistrikt klart for samfunnsoppdraget sitt.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Vi søkjer deg som er samfunnsengasjert og motivert for å utvikle politiet til eit kompetent og effektivt politi. Du er fleksibel og evner å håndtere oppdukkande arbeidsoppgåver knytta til fagområdet og beredskapsansvaret. Du har god IT kompetanse og evner å setje deg inn i og forvalte regelverk. Vi søkjer deg som har høg arbeidskapasitet, er serviceinnstilt og er nytenkjande opp mot vidareutvikling av fagområdet. Du har gjerne en profil innan analyse.
I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
Det er også ønskjeleg med:
Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju.
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcDu søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt.
Politidistriktet har om lag 1350 tilsette med politimeister Ane Kvaal som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.