I Vest politidistrikt, ved Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for etterforsking av økonomi-, miljø- og arbeidslivskriminalitet, Avsnitt for etterforsking av økonomisk kriminalitet, er det ledig ei fast stilling som spesialetterforskar med funksjon som inndragingsspesialist og fagleiar for finansiell etterforsking.
Rolla som inndragingsspesialist er ein del av ei nasjonal satsing, og du vil bli sentral i politidistriktet sin innsats med å inndra utbytte frå kriminalitet. Du vil bidra til å byggje ein betre inndragingskultur i Vest politidistrikt og jobbe for eit overordna mål om at kriminalitet ikkje skal lønne seg. Du vil samarbeide tett med inndragingsjuristen i politidistriktet og inndragings- og forvaltningseininga i Økokrim.
I tillegg til rolla som inndragingsspesialist vil du bli fagleiar for finansiell etterforsking på avsnittet. Vi ser etter ein erfaren medarbeidar med spisskompetanse innan etterforsking av økonomisk kriminalitet og som brenn for samfunnsoppdraget til politiet. Fagfeltet vårt er i stadig utvikling, og vi treng ein fagleiar som evnar å utvikle faget i takt med kriminalitetsbiletet.
Avsnittet består av etterforskarar med politi- og/eller økonomiutdanning, som arbeider sjølvstendig og i team med dyktige politiadvokatar for å handtere komplekse straffesaker. Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer og leiarar, som gjer kvarandre gode og ønskjer å gjere ein forskjell.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av det viktige samfunnsoppdraget til politiet skal vi førebyggje og kjempe mot kriminalitet, skape tryggleik og ivareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gje deg det du treng.
Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å kjempe mot profittmotivert kriminalitet og som ønskjer å bidra i eit viktig samfunnsoppdrag. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Vidare søkjer me etter deg som til kvar tid opptrer profesjonelt og fungerer som ein god ambassadør for politiet gjennom haldningane dine og handlingar i det daglege arbeidet. Evna til å vera trygg, nærverande, lydhøyr og dessutan å byggja tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggja vekt på og dessutan evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
i samråd med Fag- og opplæringsansvarleg (FOA)
økonomiavsnittet og som bistand til andre avdelingar innan andre fagfelt
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
Det er òg ønskelig med:
Evne til å omstille seg raskt i ein hektisk arbeidskvardag
Vi legg vekt på at søkjaren er personleg eigna for stillinga
Som medarbeider i politiet har du høy etisk bevissthet, du kjennetegnes av å være modig og helhetsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese mer om våre etiske retningslinjer og medarbeiderplattform her.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller opphald i CV-en, er det høve for å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcDu søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt.
Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med politimeister Ane Kvaal som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.