Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Hjå Tunge Ting lagar me ting som stort sett ikkje finst frå før.
Spesialprodukt i betong. Kunst. Møblar. Element til bygg og uterom. Nokre prosjekt krev mykje presisjon og problemløysing. Andre krev at du står lenge med slipemaskina i handa og faktisk får jobben gjort.
Så me skal ikkje pynta på det: Dette er ein praktisk jobb. Det kan vera støv, støy, tunge tak og fysisk arbeid. Men det du er med på å laga kan enda opp på bygg, kunstprosjekt og offentlege plassar over heile landet.
Me ser etter deg som er:
Du treng ikkje vera «rett type på papiret». Det viktigaste er at du kan jobba, læra og ta ansvar.
Trur du dette kan passa deg?
Ikkje bruk kvelden på eit langt søknadsbrev, men send ein mail til rune@tungeting.no via "søk på stilling" knappen på denne siden og fortel litt om deg sjølv og kvifor du trur dette kan passa deg.Slå eventuelt på tråden til Rune – 922 41 969.