I Elvevegen bueining bur det 10 bebuarar med nedsett funksjonsevne i alderen 32-73 år som det blir gjeven heildøgns helse og omsorgssteinestar til. Bebuarane har varierande utfordringar og hjelpebehov. I tillegg gjev me tenester til ein ekstern tenestemottakar i nærområdet.
Vi har avlastingsbustad for barn og unge og dagsenter knytt til eininga. Elvevegen bueining er plassert på Dale og har lett tilkomme med offentleg transport.
Vi søker no etter ein robust medarbeidar som har engasjement, godt humør og lyst til å bidra til fellesskapet vårt. Vil du vere med å bidra til god livskvalitet og ein meiningsfull kvardag for bebuarane våre? Då ønsker vi å høyre frå deg.
Vi har ledig ein 100% fast stilling.
Velkomen til Elvevegen.
Vi søker primært etter vernepleiar, men andre relevante høgskuleutdanningar kan bli vurdert
Hos oss er det viktig at du trivast med, meistrar og passar til arbeidsoppgåvene og i miljøet, difor legg me stor vekt på personleg eignaheit ved tilsettinga.
Vaksdal kommune er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Kommunen ligg sentralt mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reise hit med tog eller bil.
Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer. Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og du får store moglegheiter til å påverke di eiga arbeidskvardag.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne.
Før tilsetting må gyldig politiattest jfr. § 5-4 i Helse- og omsorgstjenesteloven fremlegges. Prøvetid er 6 mnd. og for øvrig skjer ansettelsen på de vilkår og med de plikter som følger av lov, tariffavtaler og reglementer.
Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på den offentlege søkarlista, må du grunngi dette. Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.