Sande bu- og miljøteneste, yt døgnkontinuerlig tenester til personar med psykisk utviklingshemming som treng langvarige og koordinerte tenester.
Arbeidsoppgåvene er knytt til praktisk bistand og opplæring. Dette inneber støtte og opplæring i dagleglivet sine gjeremål. Støtta er også hjelp til å ivareta den somatiske og psykiske helsa til den enkelte, samt delta og legge til rette for sosiale aktivitetar.
Stillinga er for tida i turnus med langvakter kvar 4.helg.
Søkarar med relevant erfaring og interesse kan søke og bli vurdert for mellombels tilsetting.
Det er ynskjeleg med kjennskap til brukargruppa, men dette er ikkje eit krav.
Gyldig politiattest må leggast fram før start i stilling.
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema:
Søk herSunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.