Gratis å prøve, uten konto. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Ynskjer du ei spanande stilling knytta til variert arbeid i fjellet? Fjellstyra på Hardangervidda as har ledig fast heil stilling med tittel fjelloppsyn. Stillinga er plassert i Ullensvang kommune.
Andre oppgåver kan kome i tillegg. Arbeidsoppgåver blir tillagt gjennom heile året med høgsesong sommar og haust. Feltarbeidet vil i hovudsak føregå på Hardangervidda, men oppgåver kan også kome i tilgrensande områder. Stillinga rapporterer til dagleg leiar for FH as. Dagleg drift av Ullensvang og Røldal fjellstyre inneber drift, økonomi, salsarbeid, saksutgreiing og framlegging av saker for fjellstyra, herunder oppfølging av fjellstyrevedtak og evt andre føringar gjeve av fjellstyra. I det daglege har stillinga jamnleg kontakt med leiarane i dei to fjellstyra.
Personleg eignaheit blir tillagt vekt. Kompetanse og/eller erfaring innan sakshandsaming vert tillagt vekt. Det er ein føresetnad at søkjaren kan tildelast begrensa politimyndigheit.
Kontorstad er for tida i Kinsarvik, Ullensvang kommune. Me ynskjer at arbeidstakaren er busett i Ullensvang kommune, evt. dei nærliggjande kommunane Eidfjord eller Ulvik.
Ein ber om at det går fram om søkjar har erfaring med snøskuterkøyring. Det er ynskjeleg at arbeidstakaren har førarrett for klasse S (snøskuter) og BE (personbil med hengjar). Det er ynskjeleg at arbeidstakaren har båtførarbevis (gjeld for søkjarar fødd etter 01.01.1980).
Tiltreding etter nærare avtale.
Merk at namnet på ein søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om at namnet blir unntatt offentlegheit. Ønskje om unntatt offentlegheit må grunngjevast i søknaden jf. offentlegheitslova § 25, andre ledd. Du vil bli varsla dersom ønsket ikkje kan etterkomast.
Spørsmål om stillinga rettar du til dagleg leiar Ole Rune Røkenes,
Tlf. 94978534.
Du søkjer på stillinga ved å trykkje på «Søk»-knappen nedst til høgre i annonsa.
Søknadsfrist: 23.11.2026
Viss du vil søkje på stillinga, gjer du det ved å trykke på "Søk"-knappen nedst til høgre i annonsen.
Fjellstyra på Hardangervidda AS er heileigd av dei 6 fjellstyra på Hardangervidda og Hardangervidda Grunneigarsamskipnad. Selskapet har arbeidsgjevaransvaret for våre fjelloppsyn. Dei tilsette står for dagleg drift av fjellstyrekontor, skjøtselsoppgåver, naturfaglege registreringar, informasjonsarbeid samt oppsyn med miljølovverka. Det blir utført arbeid på oppdrag frå Statens naturoppsyn og fleire forvaltnings- og forskingsinstitusjonar. Den operative verksemda ber namnet Hardangervidda Fjelloppsyn.