Vil du bidra til eit tryggare lokalsamfunn? Ørsta brann og redning har, frå 01.08.26, ledig stilling som brannforebyggar i Ørsta kommune.
Vi søkjer ein engasjert og serviceinnstilt brannførebyggjar (feiar) som ønskjer å arbeide med førebygging av brann og auka tryggleik for innbyggjarane våre.
Ørsta kommune har etter forskrift om brannførebygging § 17 ansvar for å sørgje for feiing og tilsyn med fyringsanlegg ved behov. Som brannførebyggjar er du ein viktig del av kommunen sitt lovpålagde brannførebyggjande arbeid og bidreg til å sikre branntryggleiken i kommunen.
Stillinga gir deg ein variert arbeidskvardag der du møter innbyggjarar i alle aldrar gjennom tilsyn, feiing og informasjon om branntryggleik. Gjennom fagleg rettleiing og god dialog bidreg du til å førebyggje brann, auke kunnskapen om branntryggleik og skape tryggleik for innbyggjarane våre. Som brannførebyggjar får du ei sentral rolle i kommunen sitt arbeid med samfunnstryggleiken.
Vi ynskjer at du:
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Ørsta kommune har gode
forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring på fritida.Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar:
offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.Som medlem i KLP får du i tillegg tilgong til ekstra gode vilkår på bank, forsikring og sparing.
Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr. 1.2 - Fagarbeidarstilling
Stillingskode 6986 - Feiar
Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.
Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. Fråvær går til fråtrekk.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.
Dokumentasjon
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller tal timar.
Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Eldar Rune Øye, Kommunalsjef Teknisk, eigedom og landbruk, 93439790
Thomas Winther Leira, Brannsjef, 90 74 91 12, thomas.winther.leira@orsta.kommune.no
Dalevegen 6
6153 Ørsta
Arbeidsgivar: Ørsta kommune
Referansenr.: 5153168123
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.08.2026
Ørsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Heiltidskultur og inkludering
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement.