I denne rolla vil du vere utsjekka på både rutegåande og- reservefartøy, og du vil tenestegjere på ulike samband i Nordfjord, Sunnfjord og Ytre Sogn. Når du ikkje er på rutegåande fartøy bidrar du til forefallande arbeid på reservefartøya Sognefjord, Gulen og Bjørnsund. Du får dermed ein unik moglegheit til å byggje brei kompetanse på ei rekke ulike fartøy og samband. Dersom du har interesse for manøvrering og navigasjon anbefalar vi deg å søke.
Sjølv om du vert tilsett og mønstra som skipsførar, vil du også tjenestegjere som dekkssjef ved behov. Sjølv om du tjenestegjer som dekkssjef vert du lønna som skipsførar. Du arbeider dag, natt eller døgn alt etter kva rute du tjenestegjer i.
Skiftordninga er 14 dagar på, 14 av. Det er 71 timer per veke i skiftplanen, og det du arbeider over 71t vert overtid.
Fjord tilbyr attraktive velferdsordningar, konkurransedyktige vilkår og pensjonsordningar. Det er også egne avtalar for dekking av reise for ambulerande tilsette.
Det er ein fordel om søkar bur i Nordfjord, men ikkje eit krav. Det er mogleg å bu om bord i vaktperiode.
Jonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, +47 90210232, jonas.hovland@fjord1.no
Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift
Referansenr.: 5194064773
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.10.2026
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.