Vil du leia Bokn kommune på terskelen til ei ny tid?
Med sine vel 900 innbyggjarar er Bokn eit oversiktleg øysamfunn der fellesskap, engasjement og gode relasjonar pregar lokalsamfunnet, og der avstanden er kort mellom kommunen, innbyggjarane, næringslivet og dei folkevalde. Samtidig står Bokn framfor store moglegheiter. Rogfast og den strategiske plasseringa til kommunen langs E39 vil knyte Bokn tettare til Stavanger-regionen og ein større bu- og arbeidsmarknad. Vi ønskjer derfor ein kommunedirektør som både verdset nærleiken i den vesle kommunen og ser moglegheitene i den større regionen rundt oss.
Vi søkjer nå ein trygg, synleg og utviklingsorientert kommunedirektør med gode relasjons- og samarbeidsevner som vil vere med og realisere potensialet i Bokn, samtidig som vi sikrar gode tenester, god økonomistyring og ein organisasjon for framtida.
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjinga.
I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkaren kan offentleggjerast sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Søkaren vil i tilfelle verta førehandsvarsla om dette.
Egil Magne Våge, Ordførar, 98238654, egil.magne.vage@bokn.kommune.no
Brit Skjølingstad, Seniorrådgjevar, 902 73 340, bs@madsenbrekke.no
Siv Tanja Ringstrand, Rådgjevar, 906 01 721, str@madsenbrekke.no
Arbeidsgiver: Bokn kommune
Referansenr.: 5179032948
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.10.2026
Bokn kommune er ein øykommune i Rogaland med om lag 900 innbyggjarar. Sentralt plassert med kort avstand til Haugesund, Tysvær, Karmøy og Stavanger er Bokn kommune ein viktig del av ferdselsåra mellom Nord- og Sør-Rogaland. Kommunen er også ein viktig del av regionen og står framfor ei spennande utvikling gjennom Rogfast-prosjektet, som vil knyte Bokn tettare til ein større bu- og arbeidsmarknad.
Bokn har eit variert næringsliv med verksemd innan mellom anna havbruk, landbruk, industri, varehandel, service og offentleg tenesteyting. Kommunen tilbyr gode og framtidsretta tenester til innbyggjarane, mellom anna gjennom ein moderne 1–10-skule, full barnehagedekning og eit godt utbygd omsorgstilbod med omsorgsbustader og sjukeheimsplassar.
Kommunen har gode moglegheiter for friluftsliv, fiske, båtliv og hytteliv, og det finst ulike tilbod innan kultur, idrett og fritid.
Bokn kommune er ein viktig arbeidsgjevar lokalt og har nynorsk som tenestemål.
For meir informasjon sjå www.bokn.kommune.no