Vi ser etter deg som er sjølvstendig, serviceinnstilt og utadvendt, og som trivst med varierte arbeidsoppgåver og nye utfordringar. Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt miljø med engasjerte og trivelege kollegaer.
Følgande vikariat er ledige som helsesekretær/sekretær;
Seksjonen vår yter tenester til sengepostar, ekspedisjonar, poliklinikkar og inntakskontor ved Medisinsk og Nevrologisk avdeling. Vi har ei sentral rolle i pasientforløpet og legg vekt på god service, kvalitet og samarbeid.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.
Solfrid Snowball, Seksjonsleiar, 97479072, solfrid.snowball@helse-mr.no
Opdølvegen 4
6450 Hjelset
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5185690635
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 22.10.2026