UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVil du vere med og forme framtidas lærings- og arbeidsmiljø ved Universitetet i Bergen? Hos oss får du jobbe i hjartet av ein historisk campus – samstundes som du bidreg til å utvikle moderne, fleksible og berekraftige rom for studentar og tilsette.
Eigedomsavdelinga forvaltar, driftar og vedlikeheld om lag 95 bygg med eit samla areal på 390 000 m², inkludert 102 000 m² innleigde areal. Bygningsmassen spenner frå historiske bygg til moderne undervisnings- og laboratoriebygg, og om lag ein tredel av bygga er freda eller verna. Avdelinga har rundt 100 tilsette og er delt i seksjonane Drift, Prosjekt, Fagstøtte og stab, og Større satsingar.
Prosjektseksjonen har ansvar for administrativ gjennomføring av byggeprosjekt, rehabilitering, vedlikehald, interiør og arealforvaltning. Du vil bli en del av interiørgruppa vår, og jobbe tett saman med dei andre interiørarkitektane, vår egen gjenbrukskoordinator, byggeprosjektleiarane, tett på brukarene og tett på resultata.
UiB har stort fokus på å skape attraktive, sosiale og inspirerande læringsareal som gjer at studentane har lyst til å være på campus, i tråd med «Sticky Campus»-prinsippet.
Berekraft og sirkulær økonomi er og ein del av kvardagen. Vi er godt i gang, og ønskjer no å styrke kompetansen og engasjementet i avdelinga, mellom anna innan ombruk og redesign.
I rolla som interiørarkitekt vil du ha ei sentral rolle i å utvikle gode romopplevingar ved UiB. Arbeids- og ansvarsområde er mellom anna å:
Kvalifikasjonar – dette må du ha:
Det er ein fordel om du også har:
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
Legg ved søknaden:
Legg ved døme på 2–5 eigne arbeid (maksimalt tre sider per prosjekt) og skildre rolla di i det aktuelle prosjektet.
Her kan du lese om Eigedomsavdelinga som arbeidsplass: https://www.uib.no/eia/96627/eiendomsavdelingen-som-arbeidsplass
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Gruppeleiar Interiør, Anette Mjørlaug Spord, anette.spord@uib.no tlf 97068423, Seksjonsleiar Prosjektseksjonen, margrethe.storheim@uib.no Margrethe Aven Storheim, Tlf 92241966.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll, og dette regelverket kan bli relevant ved behandling av søknader til stillinga.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om eiendomsavdelinga her.