UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAInstitutt for informatikk ønskjer å rekruttere ein førsteamanuensis i kvanteteknologi og kvanteberekning i innstegsstilling. Dette er ei åremålsstilling med varigheit i seks år, med moglegheiter til fast tilsetjing som professor ved slutten av tilsetjingsperioden.
Digitalisering av bedrifter, industri, offentleg administrasjon og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet vårt skal lukkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom åtte forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning på eit høgt internasjonalt nivå i algoritmar, bioinformatikk, informasjonstryggleik, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, visualisering og didaktikk. Tilknytte senter og laboratorium inkluderer Center for Data Science (CEDAS), Computational Biology Unit (CBU) og Energy Informatics Lab, som er ei viktig forlenging av instituttet sine aktivitetar innan utdanning og forsking.
Instituttet tilbyr utdanning for framtida på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. Instituttet er i rask vekst med omsyn til talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har om lag 1000 studentar, og 150 tilsette frå over 35 land, der 37 er vitskapelege tilsette og 50 er doktorgradskandidatar.
Kvanteteknologi er eit nytt satsingsområde ved Universitetet i Bergen. Fakultet for naturvitskap og teknologi etablerer no UiB Kvante – Senter for kvanteteknologi i Bergen, som vil vere forankra ved Institutt for informatikk og ha tett samarbeid med Institutt for fysikk og teknologi. Senteret, som blir operativt i august 2026, er finansiert av Trond Mohn Forskingsstiftelse og involverer både akademiske og industrielle partnarar. Institutt for informatikk deltek òg i det nye integrerte 5-årige masterprogrammet (sivilingeniør) i kvanteteknologi, som no tek opp dei første studentane. For å styrkje forskingskompetansen vår innan kvanteteknologi, samt undervisnings- og rettleiingskapasiteten i det nye studieprogrammet, lyser instituttet ut ei innstegsstilling.
Ved instituttet er fleire forskingsgrupper involverte i kvanteberekning og UiB Kvante; særleg forskingsgruppene innan sikker kommunikasjon, bioinformatikk, optimering og maskinlæring. Med denne utlysinga søkjer vi kandidatar som kan styrkje ei av hovudretningane i UiB Kvante: kvanteoptimalisering og simuleringar, med tydeleg vekt på maskinlæring. Vi søkjer spesielt kandidatar med ekspertise innan kvanteteknologi og kvanteberekning, og med kompetanse og sterk interesse for optimering eller maskinlæring (helst begge delar). Den som blir tilsett, vil bli medlem av forskingsgruppa innan anten optimering eller maskinlæring, og vil òg bidra til forsking, undervisning og rettleiing i gruppa.
Det er forventa at kandidaten søkjer ekstern forskingsfinansiering.
Personlege og relasjonelle kvalitetar vil bli vektlagde. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil òg telje når søkjarane blir evaluerte.
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Til stilling som førsteamanuensis blir det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber dokumentasjon av
Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om kriterium og dokumentasjonskrav til utdanningsfagleg kompetanse finst her.
Søkjarar som ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, vil bli pålagt å oppfylle krava innan to år etter tiltreding. Universitetet i Bergen tilbyr pedagogisk opplæring og høve til å opparbeide utdanningsfagleg kompetanse for å kunne oppfylle krava innan den fastsette tidsramma.
Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan 3 år etter tiltreding.
Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.
Ordninga med tilsetjing i innstegsstilling skal bidra til å rekruttere dei beste kandidatane til ein full fast stilling som professor. Fakultet og institutt pliktar å leggje til rette for vidareutvikling av kompetansen til den som vert tilsett, innan undervisning, forsking, formidling og innovasjon. Alle tilsette ved Institutt for [institutt] vert forventa å bidra til framifrå forsking og undervisning av høg internasjonal kvalitet.
Den som vert tilsett, skal delta i forsking og undervisning på same måte som vår noverande akademiske stab. Dette omfattar undervisning og rettleiing av studentar på bachelor- og masternivå, og dessutan rettleiing av minst ein ph.d.-student gjennom til fullført grad for å oppnå dei påkravde kvalifikasjonane til professor ved utløpet av 6-årsperioden.
Den som blir tilsett skal:
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Ahmad Hemmati, Institutt for informatikk, telefon +47 55584163/e-post: Ahmad.Hemmati@uib.no eller instituttleiar Inge Jonassen telefon +47 55584713/e-post: Inge.Jonassen@uib.no.
For HR-relaterte førespurnader, ta kontakt med Maria Svåsand, på telefon +47 55 58 86 62/e-post: maria.svasand@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Arbeidsavtalen, saman med utlysingstekst og stillingsomtale, fastset resultata, krava og kriteria den tilsette skal oppfylle i løpet av åremålsperioden for å få fast tilsetjing som professor.
I tillegg til krava som følgjer av Reglement for ansettelse i undervisnings-og forskningsstillinger, rekrutteringsstillinger og lederstillinger på åremål, skal følgjande krav vere oppfylte for å få fast tilsetjing:
I løpet av åremålsperioden skal den tilsette kvalifisere seg til fast professorstilling. Innan fire år av åremålsperioden vil det verte gjennomført ei midtvegsevaluering der den tilsette skal vurderast i høve til progresjon i stillinga ut frå krav om professorkompetanse. Evalueringa skal gjennomførast med utgangspunkt i arbeidsavtalen, og skal rettleie den tilsette i høve til kva oppgåver som skal prioriterast i resten av åremålsperioden for å oppfylle krava om fast tilsetjing som professor.
Den tilsette vil også få ei sluttevaluering før utløp av åremålsperioden i høve til om krava som var fastsett i arbeidsavtalen, er innfridd. Innan 12 månader før åremålet tek slutt skal fakultetsstyret ha oppnemnd ei sakkunnig nemnd og fastsett fristar for innlevering av arbeid frå den tilsette og nemnda. Den tilsette skal ha beskjed om fristar og sakkunnig nemnd så snart dette er vedteke.
Kandidaten skal informerast om utfallet av sluttevalueringa seinast seks månader før utgangen av åremålet. Kandidaten kan komma med merknader til evalueringa og det kan givast tilleggsfråsegn til dei delane av evalueringa.
Med utgangspunkt i sluttevalueringa avgjer fakultetsstyret om kandidaten skal få fast tilsetjing i stilling som professor.
For å få fast tilsetjing som professor ved Institutt for [institutt] (jamfør Kapittel 3. Undervisnings- og forskningsstillinger, rekrutteringsstillinger og innstegsstillinger i forskrift til universitets- og høyskoleloven) etter avslutta åremålsperiode, skal kandidaten gjennom ei sluttevaluering ha oppnådd gjeldande krav til professorkompetanse som skal godkjennast av fakultetsstyret ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi.
Den vanlege ordninga med å søkje personleg opprykk etter kompetanse gjeld ikkje for perioden vedkommande er åremålstilsett på innstegsvilkår.
Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også bli pålagt undervising, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.