Vil du leie medarbeidarar som kvar dag bidreg til auka trafikktryggleik? Som kontorsjef får du ei sentral rolle i leiinga av trafikant- og førarprøveområdet på Vestlandet.
Eininga har ansvar for førarprøver, trafikktryggleiksarbeid og andre publikumsretta oppgåver. Du får personal-, økonomi-, mål - og resultatansvar for medarbeidarar på seks lokasjonar. Du følgjer opp fag, kvalitet og ressursbruk, og arbeider tett med både medarbeidarar og kundar. Stillinga inngår i leiargruppa til seksjonen og inneber noko reiseverksemd. Du rapporterer til seksjonssjefen.
Kontorstad er ved trafikkstasjonen i Førde, Sogndal, Ørsta, Ålesund, Nordfjordeid eller Stord.
Vi ser etter ein leiar som skaper eit godt arbeidsmiljø og utviklar kundeorienterte tenester.
Du blir motivert av samfunnsoppdraget vårt og vil bidra til nullvisjonen om ingen drepne eller hardt skadde i trafikken.
Som leiar i Statens vegvesen forventes det at du følgjer leiarprinsippane våre – vårt felles kompass for godt leiarskap:
Prinsippa byggjer på våre verdiar og gir retning for korleis vi leier, samhandlar og utviklar oss – både som enkeltleiarar og som organisasjon.
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av eit landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling - både for deg sjølv og for oss.
Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Du må ha:
Vi legg vekt på at du er motivert for leiarrolla og har god forståing for samfunnsoppdraget vårt.
Om du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, må du leggje ved autorisert omsetjing av dokumentasjonen og godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (https://hkdir.no/).
Som tilsett i Statens vegvesen må du vere tryggingsmessig skikka, ha god dømmekraft og vere påliteleg og lojal.
Du er ein tydeleg, trygg og samlande leiar. Du kommuniserer ope, skaper tillit og motiverer medarbeidarane. Samtidig byggjer du gode relasjonar på tvers av fagmiljø og lokasjonar.
Du arbeider strukturert, tek avgjerder og følgjer dei opp. I ein kompleks arbeidskvardag klarer du å prioritere og balansere omsynet til medarbeidarar, kundar, kvalitet og resultat.
Som tilsett i Statens vegvesen må du vere tryggingsmessig skikka, ha god dømmekraft og vere påliteleg og lojal.
Vi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.
Vi gjennomfører også bakgrunnssjekk for å verifisere informasjon som er viktig for rekrutteringsprosessen.
Vi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.
Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.
Statens vegvesen er hjartet i Noregs vegsektor, og vi jobbar kvar dag for å sikre eit effektivt, trygt og heilskapleg transportsystem. Som den største aktøren innan vegtransport i Noreg, har vi ansvaret for riks- og europavegane, samt tryggleiken til alle som ferdast langs vegen. Vårt oppdrag er å planleggje, byggje, drifte og vedlikehalde denne kritiske infrastrukturen.
Vi utviklar regelverk og standardar som gjeld for alle vegeigarar i Noreg, og gjennom vårt arbeid med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og digitale tenester, sørgjer vi for at både folk og næringsliv har tilgang til enkle, effektive, trygge og miljøvennlege transportmoglegheiter.
Statens vegvesen består av to forvaltningsnivå - eit direktorat og seks landsdekkande divisjonar, som saman jobbar for å gjere vegane våre betre for alle.
Divisjon Trafikant og køyretøy (TK) har ansvar for det meste av det som har med førarkort og køyretøy å gjera i dette landet. Me utviklar regelverket innan våre fagfelt og kontrollerer at dette blir følgt av trafikantar, bileigarar, verkstader, trafikkskular og transportbedrifter. Me har rundt 1400 tilsette over heile landet og møter publikum kvar dag, både fysisk, i telefonen og digitalt. Dei digitale sjølvbeteningsløysingane våre gjer at me er tilgjengeleg heile tida.
Me jobbar kvar dag for at ingen skal bli drepne eller hardt skadde i trafikken.