I Ostereidet FUS har vi ledig eit vikariat for barnehagelærar i 80% - 100% stilling med oppstart så snart som mogeleg og fram til 1.4.2027
Ostereidet FUS barnehage har 3 aldersinndelte avdelingar og ligg i naturskjønne omgjevnader på Ostereidet. Barnehagen har eit stort uteområde med mykje naturtomt, og rett gjennom porten ligg flotte turområde i skog og mark. Dei brukar vi så mykje vi kan! Vi har også godt samarbeid med Ostereidet barneskule og Ostereidet Ungdomsskule som ligg rett over vegen.
Vi ønskjer å skape gode kvardagar for barna, og hjå oss kjem leiken først!
Vårt hovudmål er at alle barn skal få delta i leik. Våre prosjekt skal bygga på barna sine innspel og interesser. Saman med leikande vaksne, som gjer nye innspel, leiker vi for resten av livet! Leik , språk og gode relasjonar går hand i hand, difor er språkstimulerande aktivitetar og relasjonskompetanse hjå dei vaksne våre fokusområder.
Er du engasjert? Tek du initiativ? Samarbeider du godt med andre? Snakkar du med barn på ein open, ærleg og tydeleg måte?
Verdset du kunnskap? Er du trygg på eiga kompetanse og erfaring? Søkjer du faglege råd og rettleiing i utfordrande situasjonar? Verdset du andres kunnskap og lærer av andre?
Søkjarar vil bli vurderte ut frå personleg eignaheit, i tillegg til kompetanse og erfaring. FUS har som mål å vere ein barnehage prega av mangfald, der ulike perspektiv, erfaringar, bakgrunnar og evner bidreg til eit inkluderande fellesskap.
Tilsetjinga føreset godkjend politiattest i samsvar med barnehagelova, som må leverast før eventuell oppstart i stillinga.
Vår ambisjon er å sette en ny standard for kvalitet i barnehagen, å bli selve referansen i bransjen. Det klarer vi bare med å bygge det beste laget, med de flinkeste medarbeiderne. Derfor satser vi tungt på forskning og utdanning, og samarbeider med ulike universitet og høyskoler. Vi er opptatt av å være en lærende organisasjon. Vår største satsning er Barnet Først, et barnehagebasert kompetanseutviklingsarbeid i alle våre barnehager som har søkelys på å øke prosesskvaliteten mellom ansatte og barn i avdelingene. Som ansatt i FUS blir du en del av et stort og profesjonelt fellesskap med barnehager fordelt i 85 kommuner med over 3500 ansatte og 14 000 barn.