Er du ein engasjert, kreativ fagarbeidar som brenn for å skape eit trygt, utviklande og inkluderande miljø for barn? Då er dette sjansen din!
Kvernhushaugen barnehage ligg idyllisk til på Kaupanger i Sogndal kommune, med skogen og turområde, som nærmaste nabo. Barnehagen har fantastiske fasilitetar frå Kaupanger Idrettslag sin idrettspark, rett utanfor døra. Her kan barna boltre seg på fotballbana, sykkelbane, Frisbee golf og i Kaupangerhallen.
Kvernhushaugen barnehage er ein liten, men dynamisk barnehage med 30 barn fordelt på to avdelingar. Me er 10 dyktige og engasjerte tilsette i eit godt fagleg miljø med høg kompetanse og god aldersmiks.
Me er ein aktiv og samansveisa gjeng som likar å være ute i all slags ver. Med kort veg til lavvoen vår, legg vi til rette for spennande opplevingar i naturen – perfekt for både små og store eventyrarar.
Ledig stilling: 100 % vikariat som assistent/fagarbeidar i perioden frå snarast - 11.08.2027.
Dette blir jobben din:
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Den statlege ordninga med sletting av studiegjeld med kr. 25.000 i året kan vere aktuelt for deg som har bustadadresse i Sogndal kommune. Sjå Lånekassen.no for meir informasjon om kvalifisering.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette speglar folkesetnaden elles. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsspråket i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på seks månader.
I tråd med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjorde, sjølv om du ber om unntak. Du blir varsla før eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema:
Søk herVelkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837