Kvernaland barnehage, Time kommune
Kvernaland barnehage, Time kommune søker pedagogisk leiar og pedagogisk medarbeidar i Kvernaland. Fast, heltid. Krav: bachelorgrad. Dagtid. Søknadsfristen er 31. desember 2026.
Skrevet av Kvernaland barnehage, Time kommune
I Kvernaland barnehage har me ledig stilling som pedagogisk leiar i 100% fast stilling og pedagogisk medarbeidar for tilkalling. Her kan det bli moglegheit for kortare eller lengre vikariat.
I Time kommune arbeidar me for å gje alle barn eit trygt og godt barnehagemiljø. Visjonen vår er at barn og unge skal ha lyst på livet og evne til å meistra det.
Kvernaland barnehage er ein kommunal barnehage som sto ny i 2011. Fleire av personalet har vore med på å forme barnehagen heilt frå starten av. Me har ein barnehage som bidreg til trivsel og glede i leik og læring. Miljøet innbyr til fysisk utfolding, ein god og trygg stad for fellesskap og vennskap. Barnehagen har areal og utstyr til leik og varierte aktivitetar som fremmar bevegelsesglede, gjer allsidig bevegelses erfaring, sanseerfaring og moglegheit til å læra og meistra. Me har lagt vekt på ein god veksling mellom leik, læring, konsentrasjon, utfolding og kvile. Miljøet er utforma slik at alle barn får gode moglegheiter til å delta aktivt i leik og andre aktivitetar. Det er teke høgde for ulike pedagogiske trendar og skiftande bruk. Her kan du sjå litt meir om Kvernaland barnehage: https://youtu.be/1RU8LpRDQO0?si=aMTyrMXpCb3vXcie
Kvifor søke på arbeid hjå oss?
Godt arbeidsmiljø: Kvernaland barnehage kan tilby eit positivt og støttande arbeidsmiljø der personalet vert verdsett og trivast
Fokus på barnas trivsel og læring: Me har eit stimulerande læringsmiljø der barna trivest og utviklar seg
Fagleg utvikling: Det er moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom etterutdanning, intern opplæring, jobbskyggeaktivitet i EØS/EU land og planleggingsdagar. Me har for tida eit 3-årig prosjekt kor me dreiar fokus frå individ til fellesskap. I den samanheng har me har ein eigen inkluderingspedagog i tillegg til grunnbemanning. Vår satsing i dette arbeidet er fokus på vaksenrollen, kultur, haldningar og verdiar. Robuste barn og leik.
Gode ressursar: Kvernaland barnehage kan tilby eit godt barnehagebygg med store inneareal for allsidig leik og utvikling. Me prioriterer bruk av vikarar ved fråvær slik at resterande personale har kapasitet til å utføra jobben på ein tilfredsstillande måte.
Moglegheit for påverknad og deltaking: Som tilsett i Kvernaland barnehage har ein moglegheit til å bidra til utviklinga av barnehagen og vera med på å forma og implementera nye initiativ og tiltak.
Pedagogisk leiar:
For begge stillingar:
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Ragnhild Kverneland Ueland, Styrar, 48603397, ragnhild.kverneland.ueland@time.kommune.no
Holmebakken 45
4355 Kvernaland
Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 5208318779
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 30.11.2026
Søknadsfrist: 31.12.2026
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 111 jobber for førskole-/barnehagelærere i Rogaland de siste 90 dagene.
645 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 580 000 og 670 000 kr.
Annonsen sier: lønn etter tariff.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 19 andre ledige jobber for førskole-/barnehagelærere i Rogaland nå, hos 18 arbeidsgivere. 5 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som pedagogisk leder barnehagelærer i Rogaland
Vil du vite når det kommer nye stillinger som pedagogisk leder barnehagelærer i Time?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil."Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Se hva Brønnøysundregistrene sier om Kvernaland barnehage, Time kommune: om firmaet finnes, om det er konkurs og hvor lenge det har vært registrert.
Sjekk firmaetAnnonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 9f7df2da-0648-42dc-ad3c-534e7fbe0adb. Se den hos Nav
Frist
34 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen i fanen Lagret på Stillinger.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker, og få CV og søknadsbrev skrevet for jobben.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Kvernaland barnehage, Time kommune.
Ragnhild Kverneland Ueland
Styrar
ragnhild.kverneland.ueland@time.kommune.no+47 486 03 397