Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
SJÅ HER FOLKENS!!
Dysjaland skule har ledige stillingar som fagarbeidar i skule og SFO!
Vi søkjer etter engasjerte og omsorgsfulle fagarbeidarar som ønskjer å bidra til trivsel, meistring og utvikling hos elevane våre.
Vi ser etter deg som byggjer gode relasjonar til barn og unge, trivst med ein variert arbeidskvardag og ønskjer å vere ein viktig del av laget rundt elevane. Har du kjennskap til barn med autisme er det en fordel.
Om Dysjaland skule
Dysjaland skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule som ligg i eit roleg og landleg område sør i Sola kommune. Skulen har eit flott uteområde og gode fasilitetar, mellom anna idrettshall, symjehall, kunstgrasbane og ballbinge. I tillegg har vi fine turområde i nærleiken som gir gode moglegheiter for aktivitet og læring ute.
Skuleåret 2026/2027 har vi om lag 390 elevar og rundt 100 barn på SFO. Vi er cirka 60 tilsette som saman arbeider for å skape eit godt lærings- og oppvekstmiljø for alle elevane våre.
Administrasjonen består av rektor, tre inspektørar, SFO-leiar og skulekonsulent. Skulen har nynorsk som offisiell målform, men tilbyr bokmålsklassar på dei fleste trinna.
Visjonen vår: Klok og Glad
Visjonen «Klok og Glad» uttrykkjer det vi ønskjer at elevane våre skal oppleve i kvardagen: fagleg utvikling, sosial meistring og eit trygt og inkluderande skulemiljø.
Vi arbeider målretta med å utvikle læringsmiljø der alle elevar opplever tilhøyrsle, meistring og medverknad. Satsingsområda våre er eit trygt og godt skulemiljø, vurdering for læring og utvikling av inkluderande læringsmiljø.
Som fagarbeidar hos oss blir du ein viktig del av laget rundt elevane. Du bidreg til at barn og unge opplever tryggleik, trivsel, meistring og gode relasjonar gjennom skuledagen og på SFO.
- Å støtte elevane fagleg og sosialt i skulekvardagen.
- Å bidra til eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø.
- Å leggje til rette for leik, aktivitetar og sosial utvikling på SFO.
- Å samarbeide tett med lærarar, andre fagarbeidarar og SFO-tilsette.
- Å bidra til gode relasjonar mellom elevar og vaksne.
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir). Sjå òg godkjenning av utdanning frå utlandet:
Tina Byberg, SFO-Leder, 90400002
Eivind Emblemsvåg, Rektor, +47 91772152
Tjeltavegen 1
4054 Tjelta
Arbeidsgiver: Sola kommune
Referansenr.: 5195541603
Stillingsprosent: 100, 50%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 08.11.2026
Sola kommune er en mellomstor kommune med nærmere 30 000 innbyggere og rundt 2 200 ansatte. Vi er en innovativ kommune, kjent for flotte strender og en rik kulturhistorie. Samlingen av Norge til ett rike skjedde trolig rett ved Ytraberget. Vil du bli med på å gjøre Sola til en enda bedre kommune å bo i?
Vi jobber for heltidskultur og ansetter fortrinnsvis i hele stillinger.
Opplysninger om søkere blir gjort offentlig tilgjengelig etter offentligloven § 25. Du må gi en begrunnelse hvis du ønsker å reservere deg fra å stå på offentlig søkerliste. Du får melding hvis reservasjonen ikke tas til følge.
For ansatte som yter tjenester etter helse- og omsorgstjenesteloven, barnehageloven og opplæringsloven må det foreligge tilfredsstillende politiattest. Sola kommune bruker digital innhenting av politiattest, og oppfordrer søkere å ha Digipost som digital postkasse.