Vi har ledig 89% mellombels stilling som fagarbeidar/assistent frå 01.12.2026 – 31.07.2027 med mogelegheit for forlenging.
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
I Bjørnafjorden kommune er vi opptekne av å skapa trygge og gode skulemiljø som gir elevane gode føresetnader for læring, meistring og trivsel. Vi satsar også på å utvikla sterke rammer for lesing gjennom heile opplæringsløpet. Vårt arbeid er forankra i verdiane til Bjørnafjorden kommune; “Vi lyttar med respekt, vi gjere som vi seier, vi finn smarte løysingar og vi er inkluderande”, i tillegg til visjonen vår: «Med trivsel, tryggleik og læring opnar vi dører mot verda og framtida».
Arbeidsstad
Halhjem barneskule ligg i sentralt i bustadområde på Halhjem og like ved 600- busslinja til Bergen. Skulen har elevar på 1.-4.trinn, og hausten 2026 er det 102 elevar og i underkant av 20 medarbeidarar. Skulen ligg flott plassert med naturen tett på og gode fasilitetar for ein aktiv skuledag året rundt. Vi ligg like ved Søre Neset idrettsanlegg med fotballbaner, volleyballbane, skatepark, SPV-arena etc.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid med elevar i skule og SFO.
- Bidra til å skape eit trygt, inkluderande og godt lærings- og oppvekstmiljø for elevane.
- Støtte og rettleie elevar i fagleg, sosial og personlig utvikling.
- Ivaretaa og følgje opp elevar med ulike behov og utfordringar.
- Samarbeide tett med lærar, føresette og andre tilsette for å sikre eit heilskapleg tilbod til elevane.
- Vere ein trygg og positiv vaksenperson for elevane gjennom skuledagen og i SFO.
- Det er ønskjeleg med kompetanse og erfaring knytt til ulike diagnosar, funksjonsvariasjonar og helserelaterte utfordringar.
Nynorsk er administrasjonsmålet i Bjørnafjorden kommune.
- Du er strukturert, pliktoppfyllande og har gode samarbeidsevner.
- Du fleksibel, løysingsorientert og trygg i kommunikasjonen med både elevar, føresette og kollegaer.
- Du har interesse med å arbeide med barn og unge, og bidrar aktivt med å skape eit inkluderande, trygt og positivt lærings- og arbeidsmiljø. Vi ønskjer ein medarbeidar som viser initiativ, tek ansvar og er open for utvikling og endring.
- Det er ein fordel om du kan delta i symjeundervisning saman med elevane.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og korleis desse samla sett møter behova ved skulen. Aktuelle søkarar vil bli kalla inn til intervju fortløpande.
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Løn etter gjeldande avtalar.
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Etter at søknadsfristen er gått ut, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette. Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema:
Søk herBjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?