Det er ledig fast 100 % stilling som vaktmeister ved bygg- og eigedomsavdelinga frå snarast. Stillinga er del av eit team som driftar sjukeheimar, skular, barnehagar, rådhus m.m.
CV, vitnemål, fagbrev, attestar og anna dokumentasjon må leggast ved søknaden.
I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Den som blir tilsett må legge fram politiattest av ny dato.
Vaktmeisterteneste knytt til kommunale bygg og uteområde:
Du må kunne relatere deg til verdigrunnlaget i Giske kommune, der det daglege arbeidet skal vere prega av Respekt, Løysingsvilje, Engasjement og Kvalitet.
Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkobinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing i målet om å levere best moglege tenester.
Robert Valderhaug, avdelingsleiar, +47 41701937
Valderhaug 4
6050 Valderøya
Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 5144811825
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.08.2026
Giske kommune har om lag 8828 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.