Einingane har det overordna ansvar for økonomi, personal, løn, HR- og HMS- området, og har ei brei kontaktflate ut mot leiarar, tilsette og tillitsvalde. Som konsulent vil du delta i felles faglig utviklings- og forbetringsarbeid og ha eit tett samarbeid med kollegaer som arbeider med liknande oppgåver.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, vert det lagt vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt motivasjon for stillinga.
Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden. Du lastar opp dokumenta i Webcruiter. Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.
Søknaden vert vurdert ut frå søknadsbrev og vedlagt informasjon og dokumentasjon. Søknadsbrevet bør tydeleg skildre kvifor du søker stillinga, og korleis dine kvalifikasjjonar og erfaringar oppfyller krav og kriteria i utlysinga.
Til stillinga ligg ein del faste arbeidsoppgåver, og ein må rekne med at nye oppgåver kjem til ut frå endring av behov og etterspørsel.
Du må kunne relatere deg til verdigrunnlaget i Giske kommune, der det daglege arbeidet skal vere prega av Respekt, Løysingsvilje, Engasjement og Kvalitet.
Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Alle søkarar vert ført opp på offentleg søkarliste. Du kan søke om unntak. Det må ligge føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkobinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing i målet om å levere best moglege tenester.
Eli-Marie Sandvik, HR-sjef, +47 41235110
Valderhaug 4
6050 Valderøya
Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 5147701345
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.07.2026